Assistent/fagarbeidar på Vikemarka skule

Arbeidsgiver
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Stillingstittel
Assistent/fagarbeidar ved Vikemarka skule - Vikariat
Frist
02.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I Ørsta kommune er det ledig eit 100 % vikariat som assistent eller barne- og ungdomsarbeidar for resten av skuleåret 2024/2025. Stillinga er plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering, med Vikemarka skule som tenestestad. 

Stillinga inneber arbeid i skule og SFO, også i skuleferiane, med unntak av juli månad.

Vikemarka skule er ein 1-4 skule med SFO. Det er omlag 130 elevar på skulen og ca 28. tilsette samla i skule og SFO.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide med elevgrupper og enkeltelevar i skule
  • Vere ein del av grunnbemanninga på SFO og ferie-SFO
  • Gjennomføre aktivitetar, planlagt av, og under rettleiiing av pedagog
  • Arbeide for eit godt samarbeid med born, tilsette og føresette

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer assistenar (ingen formelle krav til utdanning) eller barne- og ungdomsarbeidar (fagarbeidar)
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon. 
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
  • Løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse
  • Eit positivt barne-/elevsyn som vektlegg inkludering av born med særskilte behov
  • God på samarbeid med born, føresette og andre tilsette
  • Tek i mot rettleiiing og er lojal mot våre rutine
  • Kunne bidra til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP

Stillinga er plassert i kap. 4 gr.1.1 - Assistent eller i kap. 4 gr. 1.2 - Fagarbeidar

Stillingskode 6572 - Assistent, eller 7517 - Fagarbeidar

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din. 

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf.AML §14.2

Om offentleglova 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Berit Brunvold, Rektor, 41 32 74 27, berit.brunvold@orsta.kommune.no

Kari Flø, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, 479 03192, kari.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Olavsgata 57

6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune


Referansenr.: 4896443798

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 06.01.2025

Sluttdato: 21.06.2025

Søknadsfrist: 02.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Olavsgata 57, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
385261672
Sist endret
17. des. 2024 08:14