Sjukepleiarstudent/helsefagarbeidar - helgestilling ledig
- Arbeidsgiver
- Gastrokirurgisk/urologisk post, Helse Fonna HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiestudent/helsefagarbeidar
- Frist
- 12.01.2025
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Sengepost for gastrokirurgi og urologi, Haugesund sjukehus treng fleire medarbeidarar.
Vi ser etter engasjerte sjukepleiestudentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar, med moglegheit for å jobbe kvar tredje eller fjerde helg. Stillingsstorleiken er mellom 15 og 20% med moglegheit for større stillingsprosent om det er ønskeleg. Som sjukepleiestudent kan du delta i stipendordning etter gjeldande retningslinjer.
Vår sengepost har 36 senger fordelt på fire grupper. Tre av gruppene er for gastrokirurgiske pasientar og ein er for urologiske pasientar. Vi behandlar både akutte og planlagde innleggingar. Ein stor del av pasientane er kreftpasientar i ulike stadium av sjukdommen. Vi behandlar også andre gastrokirurgiske og urologiske tilstander.
Ved å jobbe hos oss vil du få utfordrende og lærerike arbeidsoppgåver som vil styrke deg faglig og gi verdifull erfaring i møte med pasientar i ulike sjukdomsfasar.
Vi ser frem til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Pre- og postoperativ sjukepleie
- Omsorg for pasientar og pårørande
- Delta i tverrfaglig samarbeid på sengeposten, og samarbeid med andre einingar innan sjukehuset
- Planlegging av pasientforløp
Kvalifikasjonar
- Relevant klinisk erfaring vil være ein fordel
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Fagleg innsikt, fleksibilitet og sjølvstendighet blir vektlagd
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagutviklingssjukepleiar
- Tiltreding etter avtale
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Bodhild Håkull, Funksjonsleiar - gastrokirurgisk/urologisk post, 46928593, bhaaku@ihelse.netKristine Meling, funksjonsleder urologi, 91637361
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4895853436
Stillingsprosent: 15%
Engasjement
Søknadsfrist: 12.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 385272016
- Sist endret
- 17. des. 2024 08:48