Ergoterapeut 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Ergoterapeut 100% fast stilling
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stryn kommune har ledig ei ny 100 % fast stilling som ergoterapeut ved fysio- og ergoterapiavdelinga frå 01.01.2025.
Fysio- og ergoterapiavdelinga er lokalisert på Stryn Omsorgssenter, og yter tenester til brukarar i heile kommunen. Avdelinga består i dag av 2,8 årsverk fysioterapeut og 1 årsverk ergoterapeut. Gjennom utlysning får ein no styrka avdelinga slik at ein har 2 årsverk som ergoterapeut. Stillinga har avd.leiar fysio- og ergoterapiavd. som næraste leiar, og avdelinga er strukturert i eining Helsetenester saman med helsestasjon og legekontor.

Arbeidsoppgåver

  • Hovedansvar for kommunen si satsning på velferdsteknologi og digital heimeoppfølging
  • Arbeid med kvardagsrehabilitering og rehabilitering på institusjon
  • Vurdering, tilpasning og oppfølging av tekniske hjelpemiddel
  • Tett tverrfagleg samarbeid med aktuelle instansar

Arbeidsoppgåvane kan bli endra ved endra behov i tenestene

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Vidareutdanning i velferdsteknologi
  • Ønskeleg med vidareutdanning og erfaring i kvardagsrehabilitering
  • Førerkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta. Praktisk erfaring frå arbeid med velferdsteknologi vil bli tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert og motivert for utvikling
  • Positiv bidragsyter inn i eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Yter tenester med brukar i fokus

Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt

Vi tilbyr

  • Spennande og krevjande arbeidsoppgåvar
  • Positivt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Tenester i utvikling
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Bente Østreim Ulvedal, Avdelingsleiar fysio- og ergoterapiavd., 948 18 065
Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 957 33 547

Arbeidsstad

Myrane 18
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 4897244714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Myrane 18, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
385276009
Sist endret
17. des. 2024 09:11