Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
LMBB, seksjon FSS, Helse Førde
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
19.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Bli med på laget på LMBB – din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur!

Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar? Vi har ledig vikariat som seksjonsleiar grunna svangerskapspermisjon. Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde, får du moglegheit til å jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø.

🌟 Her får du:
Stillinga som seksjonsleiar vil innehalde mykje personal-, rekruttering- og utviklingsarbeid i seksjonen.
Tett samarbeid med erfarne kollegar i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon

🌍 Førde – din nye by:
Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangementer
Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemuligheter rett utanfor døra
Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.

🎉 Sosialt miljø:
Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.

Er du klar for å ta steget? Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team!
Startdato 01.04.25 eller etter avtale. Vi gledar oss til å bli kjent med deg! 

Sjå video for å bli kjent med oss på LMBB


Arbeidsoppgåver

  • Har det daglege driftsansvaret av seksjonen
  • Skal styre og utvikle seksjonen innan fag-, kvalitet - og personalområdet
  • Budsjettansvar og økonomioppfølging
  • Samarbeide med dei andre seksjonsleiarane med planar og målsetningar i avdelinga
  • Seksjonsleiar er stedfortredar for avdelingssjef

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør eller anna relevant utdanning frå høgskule /universitetsnivå
  • Fordel med erfaring frå medisinske laboratorium
  • Erfaring/utdanning innan leiing blir vektlagt
  • God IKT kunnskap
  • Må meistre godt norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsfull, nøyaktig og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å motivere medarbeidarar til utvikling og endring
  • Nytenkjande, løysingsorientert og endringsvillig
  • Interesse for kvalitets- og forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spennande og ansvarfulle oppgåver
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Høgt fagleg nivå
  • Opplæring/leiarutvikling

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar, 57 83 92 87

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde


Referansenr.: 4895319273

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.04.2025

Sluttdato: 18.01.2026

Søknadsfrist: 19.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
385287356
Sist endret
17. des. 2024 10:32