Helsefagarbeider

Arbeidsgiver
Bo og mestring
Stillingstittel
Helsefagarbeider - fast -
Frist
06.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bo og meistring etablerer eit ambulerande team som skal tilby tilpassa tenester, inkludert praktisk bistand, helsehjelp og målretta miljøarbeid. Målgruppa er personar med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar. Teamet vil følgje opp brukarar som bur i eigne heimar, helst utanfor bofellesskap.

Vi byrjar med eit lite, tverrfagleg team som fokuserer på heilskapleg, målretta miljøarbeid, meistring og sjølvstende. Teamet blir organiserte under avdeling Grivihaugen.

Arbeidet vil vere turnusbasert, med langvakt kvar fjerde helg.
Vi trur det ambulerande teamet vil bli ein sentral teneste i åra som kjem, for å sikre kapasitet og kompetanse i tråd med brukarane sine behov.

Vi ønskjer deg med på laget for å etablere ein ny og spennande del av Bo og meistring!

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med planlegging og oppstart av nytt team
  • Bidra til dagleg omsorg, gje sosial støtte og rettleiing
  • Målretta miljøarbeid
  • Legge til rette for eigen meistring, opplæring og trening
  • Vedlikehalde ferdigheitar og etablere nye ferdigheiter

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis autorisert  helsefagarbeider eller barne og ungdomsarbeider.
  • Anna utdanning eller kompetanse innan helse og sosial kan vurderast.

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå arbeid med målretta miljøarbeid i tenesten for mennesker med nedsatt funksjonsevne

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • Målretta
  • Samarbeidsvillig
  • Sjølvstendig
  • Faglig engasjert

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Anne Marie Nordli, Avdelingsleiar, 97968599

Torunn Hesthag, Einingsleiar, +47 45438072

Arbeidsstad

Gamleveg 112

3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune


Referansenr.: 4895986496

Stillingsprosent: 100, 75%

Fast

Startdato: 01.03.2025

Søknadsfrist: 06.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Gamleveg 112, 3802 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
385348280
Sist endret
17. des. 2024 06:25