Fast helgestilling på kvar 4. helg for Assistent/Helsefagarbeidar/ sjukepleiar

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/ Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen
Stillingstittel
Faste helgestillingar kvar 4. helg for Sjukepleiar/ Vernepleiar/ helsefagarbeidar/ assistent
Frist
12.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling spiseforstyrringar har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanse-utvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.

Vi har ledig 15% fast helgestillingar kvar 4. helg. Stillingane er ledig frå 01.02.2025. Høyrest dette interessant ut oppfordrar vi deg til å søke!


Arbeidsoppgåver

  • Du må ha interesse for, og gjerne erfaring frå arbeid med spiseforstyrringar og psykisk liding
  • Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar/ helsefagarbeidar/ hjelpeleiar må ha Norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg svært godt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar
  • Ivareta eigne oppgåver og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte

Vi tilbyr deg

  • Eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Tor Egil Pettersen, Seksjonsleiar, 55974519

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4888620516

Stillingsprosent: 15%

Fast

Startdato: 01.02.2025

Søknadsfrist: 12.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
385355229
Sist endret
17. des. 2024 10:59