Helgestillingar

Arbeidsgiver
Heimetenesta Midt-Telemark
Stillingstittel
Helgestillinger - fast
Frist
06.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Heimetenesta har for tida ledige 3 helgestillingar, og vi ønskjer deg som likar å gi helsetenester i pasientars eigne heimar.

I heimetenesta arbeider vi i private bustader og omsorgsbustader på bygda. Heimetenesta i Midt-Telemark er delt inn i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har vi team som målretta arbeider med "kva er viktig for deg" for pasientar innan ulike fagfelt som demens, sårbehandling, respirasjon, kreft, innsatsteam og sjukepleierprosedyrar. Innsatsteamet bistår pasientar som i periodar treng ekstra oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølv.
Vi samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i forskjellige soner. I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, verdset vi openheit for ulike meiningar og humor.

Vi deltar i akuttkjedeprosjekt og gode pasientforløp, og vi engasjerer oss i prosjekt som kan bidra til å gjere oss til den beste heimetenesta for både tilsette og pasientar. Avdelinga har årsturnus, der ein i stor grad kan påverke si eiga turnus. Vi tilbyr langvakter i helgene for dei som ønskjer det.


Arbeidsoppgåver

  • Helsetenester og oppfylging av pasientar
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis autorisasjon som helsefagarbeidar, men andre med relevant erfaring kan og bli vurdert
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå helseteneste
  • Kjennskap til bruk av data som verktøy

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling
  • Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø

Personelge eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302

Arbeidsstad

Gamleveg 46

3802 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune


Referansenr.: 4897137629

Stillingsprosent: 24,5, 22,5%

Fast

Startdato: 13.01.2025

Søknadsfrist: 06.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Gamleveg 46, 3802 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
385356774
Sist endret
17. des. 2024 11:09