60 % stilling som kokk på Skjåkheimen sjukeheim
- Arbeidsgiver
- Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
- Stillingstittel
- 60 % stilling som kokk på Skjåkheimen sjukeheim
- Frist
- 12.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stillinga er ledig frå 01.03.2025, for tida med arbeid 3. kvar helg. Ved fråvær, ferie og ledige vakter vil stillingsstorleiken kunne bli utvida.
Tenesta er og interessert i fleire tilkallingsvikarar, og vi oppmodar søkjarar som kan være interessert i å søkje.
Arbeidsområde
Kjøkenet på Skjåkheimen er kjent for å lage god og næringsrik mat.
Vi ynskjer ein medarbeidar som vil vere med å oppretthalde det gode tilbodet vi har og vere med å vidareutvikle kjøkenet vårt. Vi har fokus på tradisjonsmat frå distriktet og lagar mykje av maten få botn av. Samstundes er vi og opne for å tenkje nytt og kjenne på nye smakar.
Kvalifikasjoner
-
Fagbrev som kokk/institusjonskokk/ernæringskokk er ynskjeleg, men ikkje krav
-
Erfaring og interesse for faget vil bli vektlagt
Vi vektlegg at du
-
har gode samarbeidsevner
-
viser engasjement i faget
-
er kreativ
-
har erfaring frå liknande arbeid
-
viser fleksibilitet i høve til omstillingar og er løysningsorientert
-
er pliktoppfyllande og arbeidssam
-
har evne til å arbeide sjølvstendig
-
har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
-
har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
-
Fagleg utvikling
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Pensjonsordning
Spørsmål kan rettast til Eva Kristin Bøje Kvandalsvoll på mobil 90759708.
Søknadsfrist 12. januar
-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Moavegen 30, 2690 Skjåk
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
- FINN-kode
- 385359943
- Sist endret
- 17. des. 2024 02:32