Har du lyst til å vere ferievikar i Bu og habilitering i sommar?

Arbeidsgiver
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Stillingstittel
Har du lyst til å vere ferievikar i Bu og habilitering i sommar?
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter deg som har fylt 18 år og har lyst på ein meningsfull sommerjobb i Bu og habilitering. I tidsrommet 16. juni - 10. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i Bu og habilitering i Volda kommune. Vi treng vikarar ved Sevrinhaugen 1 og 3, Kleppevegen/ Doktorhaugen, Bømarka/ Schjelderup,  og ved Verslavegen 2 i Hornindal. Ved Blåbærhaugen treng vi også vikarar til ulike bu- og avlastningstiltak for barn og unge med utviklingshemming. Det er i tillegg behov for vikarar i dagtilbodet ved Hamna dagsenter.

Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeids stad. 

For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på 10.000 kr per år. For dei som får sommarjobb i Hornindal er stipendet kr 20.000. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema, sjå lenke: https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL181/Sknad_om_kompetansemidlar_til_utdanning 

Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid og praktisk bistand for vaksne med utviklingshemming, og andre hjelpebehov
  • Bistå og tilrettelegge for brukarane sine gjeremål ut frå vedtak og tiltaksplanar
  • Jobbe for at brukarane skal oppleve ein kvardag der behova for tryggleik, meistring og
    brukarmedverknad vert ivaretatt
  • Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, kor du kan arbeide dag, kveld, natt og helg. 

Kvalifikasjonar

Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar 

  • Søkjarar må ha fylt 18 år og må ha gyldig arbeids- og oppholdsløyve
  • Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis er ynskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • Før oppstart i stilling må ein framlegge tilfredsstillande politiattest, og eigenerklæring i høve
    tuberkulose.

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ta ansvar
  • Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
  • Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
  • Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
  • Vere løysingsorientert og ha gode haldningar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS -
MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. 

 

I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag
og medisin:

  • Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn
    høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
  • Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn
    høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*) 
  • Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
  • Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent

* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av
engasjementet.

Tilsettingar vert gjort fortløpande.

Kontaktinformasjon

Gry Egset Eriksen, Konst, seksjonsleiar Bømarka, 48132243, gry.egset.eriksen@volda.kommune.no

Vilde Nilsvik, Seksjonsleiar Blåbærhaugen, 96048363, vilde.nilsvik@volda.kommune.no

Monika Mierzejewska, Sekjsonsleiar Kleppevegen / Doktorhaugen, 90891358, monika.mierzejewska@volda.kommune.no

Liv Bente Grothaug, Seksjonsleiar Hamna, 48061154, livliv.bente.grothaug@volda.kommune.no

Annette Vatne, Seksjonsleiar Sevrinhaugen, 94854243, Annette.Vatne@volda.kommune.no

Ivar Sørgård, Seksjonsleiar Verslavegen, 48146839, ivar.sorgard@volda.kommune.no

Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar, +47 95139364, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Bømarka 8

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4895235095

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Bømarka 8, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
385360182
Sist endret
17. des. 2024 11:16