Barne- og ungdomsarbeidar 

Arbeidsgiver
Oppvekst - Sjydnahaugen barnehage
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Frist
02.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst å bidra til glede og tryggleik i Sjydnahaugen barnehage?

Me har ledige stilling som barne- og ungdomsarbeidar i 100 % frå 01.04.25.

Sjydnahaugen barnehage er ein fire avdelings barnehage som ligg sentralt i Øystese sentrum. Barnehagebygget er nytt og har gode fasilitetar. Me er opptekne av å førebygga trygt og godt barnehagemiljø og har fokus på aktive vaksne i uteleiken.

Me søkjer barne- og ungdomsarbeidar som likar å laga gode kvardagar saman med små born. Me har behov for deg som er god på relasjonar og som er glad i å gje born gylne augneblink. Me er opptekne av gode fagmiljø og arbeider for kontinuerleg kompetanseutvikling. 

Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: Barnehagar i kvam herad    


Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med pedagogisk leiar/barnehagelærar
  • Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
  • Vera ein trygg vaksen
  • Tilretteleggja for leik og læring
  • Delta i og skapa kvalitet i rutinesituasjonar
  • Delta i og utvikla barnehagen
  • Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
  • Bidra til og ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Barne- og ungdomsarbeidar, men er og interessert i deg som har anna relevant utdanning, yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
  • Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg, omsorgsfull og engasjert
  • Du har godt humør og positiv innstilling 
  • Fagleg oppdatert
  • Deg som er leiken og evnar å inspirera og engasjera born
  • Møter born, kollega og føresette med respekt
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan" 

Me tilbyr

  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

    Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Kontaktinformasjon

Torunn Agnete Sørheim, Styrar Sjydnahaugen barnehage, 95026183

Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755

Arbeidsstad

Øvre Vik 5

5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad


Referansenr.: 4895298903

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Øvre Vik 5, 5610 Øystese
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
385367262
Sist endret
17. des. 2024 11:39