Helsesekretær/sekretær

Arbeidsgiver
Kontor medisin Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
helsesekretær/sekretær
Frist
31.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Seksjon medisinsk kontor Kristiansund har ledig 100 % fast stilling frå snarast.


Vi er per i dag ein liten seksjon med 14 årsverk som skal vekse. Ved innflytting til det nye sjukehuset SNR Hjelset våren 2025 blir kontorseksjonane i Kristiansund og Molde slått saman, med felles leiar. Kontorseksjonen vil levere tenester til SNR Hjelset, SNR Kristiansund og ein satellitt i Molde by.
Seksjonen tilbyr tenester til poliklinikkar, ekspedisjonar, inntakskontor og døgneiningar innan medisinsk, nevrologisk, onkologisk poliklinikk, og andre.
Vi står framfor ei spennande framtid med nytt akuttsjukehus og DMS i Kristiansund.

Høyrest dette interessant ut, og du kjenner at dette kunne passe for deg? Då er du hjarteleg velkomen til å søke!

Søknaden sender du via Webcruiter, og vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknaden.
Tiltreding: Snarast mogleg


Arbeidsoppgåver

  • Interessante og utfordrande oppgåver innan pasientadministrasjon og logistikk
  • Arbeid tett på pasientar og behandlarar

Kvalifikasjonar

  • Ønskjeleg med relevant utdanning og erfaring
  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Kjennskap til Helseplattformen er ein fordel

Personleg eignaheit til stillinga vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Positiv og med gode samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst og effektiv
  • Fleksibel
  • Evne til å handtere ein hektisk arbeidskvardag
  • Fagleg engasjert og initiativrik
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Inger Hargaut, Seksjonsleiar, inger.johanne.hargaut@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlensvei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4894662288

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlensvei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær
FINN-kode
385372514
Sist endret
17. des. 2024 11:45