Anestesisykepleier

Arbeidsgiver
Anestesi Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Anestesisykepleier
Frist
10.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Våren 2025 flyttar vi inn i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset og søkjer no engasjerte anestesisjukepleiarar til laget vårt – er dette noko for deg?

Seksjonen vår har i dag 16 tilsette i Kristiansund, med ei god spreiing i alderssamansetjing. Dei tilsette har stor fagleg tyngde og brei erfaring, noko som gir seksjonen eit sterkt og positivt arbeidsmiljø. Arbeidskvardagen er i hovudsak knytt til anestesi innan ØNH, ortopedi, gynekologi, tannbehandling, gastromedisinske undersøkingar og urologiske inngrep.
Vi har seks operasjonsstover med dagleg drift på 4-5 stover i vekedagane. Seksjonen har òg ansvar for døgnkontinuerleg øyeblikkelig-hjelp-funksjon innan ortopedi i nordre del av fylket. I tillegg deltek vi i akutteamet, både intra- og prehospitalt.
Teamarbeid, høg fagleg interesse og nytenking er grunnsteinar i vårt arbeidsmiljø. Dette skal vi vidareføre i det nye fellessjukehuset Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Ved innflyttinga i 2025 blir anestesiseksjonane i Kristiansund og Molde slått saman til éin felles seksjon som dekkjer anestesifunksjonane på Hjelset og i Kristiansund.
Dei fleste sengepostane flyttar til det nye sjukehuset på Hjelset, medan det framleis vil vere eit breitt tilbod innan polikliniske tenester og dagkirurgi i Kristiansund.
Du vil starte ved Kristiansund sjukehus og seinare få Hjelset som fast arbeidsstad frå våren 2025.

Høyrest dette spennande ut? Vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Utføre anestesisjukepleie til elektive og øyeblikkelig-hjelp-pasientar som skal gjennomgå kirurgiske inngrep eller behandling som krev anestesi
  • Delta i akutteam
  • Rettleiing av studentar i praksis

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning eller mastergrad i anestesisjukepleie
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing
  • Du har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, strukturert og ansvarsbevisst
  • Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner og likar å arbeide i team

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Cathrine Schei, Seksjonsleiar, +47 93093924, cathrine.schei@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4894456958

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
385375336
Sist endret
17. des. 2024 11:53