BKK søker trainee: Digital utvikling

Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Frist
22.01.2025
Ansettelsesform
Trainee

Beskrivelse

Kvifor bør du velje oss?

  • Du vert ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø som jobbar med dei nyaste teknologiane og verktøya som gir fart, læring og konkurranseevne for selskapet.
  • Som trainee i Teknologi og Utvikling vil du være med på å bygge framtidas elektriske, digitale og berekraftige løysingar.
  • Konkurransedyktige velferdsordningar og et bredt aktivitetstilbod i konsernet
  • Du vert ein del av Eviny-konsernet med fagleg og sosial bredde.
  • Vi har eit ungt arbeidsmiljø med mange nyansatte dei siste åra, og ulike aktiviteter og samlinger gjennom året er med på å skape et godt arbeidsmiljø.
  • Du vil ha moglegheit til å bli vurdert for fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode.

Kven er du som søker?

  • Du er nysgjerrig på nye løysingar og synsvinklar
  • Du er lærevillig og setter seg raskt inn i nye verktøy og problemstillingar
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, er opptatt av å sjå resultat og tar initiativ.
  • Du evnar å sjå det store bildet og konsekvensane av endring
  • Du ynskjer å ta del i vår digitale reise

Traineekvardagn i BKK AS

Du vil være med på å bygge opp og utvikle kompetansegrupper innanfor digitalisering, og du vil jobbe i eit tverrfagleg team som jobbar med utvikling av system og digitale verktøy. Vi skal saman jobbe med integrasjonsgrensesnitt mellom fagsystem, tileigne oss erfaring med analyse, samt predikere data til forbetring av dagleg drift. Du vil jobbe tett opp mot svært kompetente fagmiljø både internt i selskapet og eksternt mot en bransje og ein marknad i sterk utvikling.

Du vil få kontorplass i BKK AS sine lokale i Energihuset i Førde.

Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Spørsmål? Ring seksjonsleiar Tony Kiil, tlf. 91727185 for ein hyggeleg prat. Vi gleder oss til å høyre frå deg!

Sektor
Privat
Sted
Firdavegen 5, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell), Ingeniør, Rådgivning
FINN-kode
385389011
Sist endret
17. des. 2024 12:40