Ferievikar 2025 - Medisinstudent med lisens/Vikar for LIS1
- Arbeidsgiver
- Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Ferievikar 2025 - Medisinstudent med lisens/Vikar for LIS1
- Frist
- 31.01.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund har behov for medisinstudent med lisens/vikar for LIS1 i perioden f.o.m. veke 26 t.o.m. veke 33.
Sengeposten har 10 sengeplassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal fylke.
Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Avdelinga vår behandlar pasientar med ulike diagnoser, og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling.
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir skanna inn som vedlegg til søknad/CV
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens
- Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Trivleg arbiedsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.noArbeidssted
Ålesund sjukehus6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4897663932
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 385396709
- Sist endret
- 17. des. 2024 01:25