100% fast stilling som Helse og omsorgsarbeider
- Arbeidsgiver
- Åseral kommune
- Stillingstittel
- 100% fast stilling som Helse og omsorgsarbeider
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg som sto ferdig hausten 2020. Her er det institusjonsplassar og fleire omsorgsbustadar til menneske med ulike behov.
Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen.
Det er tett samarbeid mellom institusjonen og heimetenesta, og som Helsefagarbeider vil ha oppgåver på begge stader.
Vi arbeider for at pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og er opptekne av at den enkelte skal få gode og framtidsretta tenester.
Arbeidsoppgaver
- Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
Kvalifikasjoner
- Fagbrev som helsefagarbeidarar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Søkjarar må opplyse om dei har førarkort.
Gyldig politiattest må kunne leggast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personlige egenskaper
- Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
- Punktleg og strukturert
- Fleksibel og positiv
- Evne til å opptre sjølvstendig
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen.
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar
- Rettleiing og naudsynt opplæring
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, camilla.verdal@aseral.kommune.noArbeidssted
Ljoslandsvegen 94540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 4895583980
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 385405871
- Sist endret
- 17. des. 2024 02:50