Sparebank1 Sogn og Fjordane søker trainee: Forretningsutvikling
- Arbeidsgiver
- Framtidsfylket AS
- Frist
- 01.03.2025
- Ansettelsesform
- Trainee
Beskrivelse
Kven er du? Vi ser etter deg med bachelor eller master innan økonomi, prosjektleiing, teknologi, jus eller liknande kompetanse. Du trivast i eit miljø med høgt tempo og er flink til å prioritere i ein hektisk arbeidskvardag. Du evner å jobbe strukturert og effektivt for å få arbeidet i mål. Du er kreativ og nysgjerrig, og interessert i å sette deg inn i nye tema og ulike problemstillingar. Du er god på relasjonsbygging og teamarbeid, men evner også å arbeide sjølvstendig.
Som arbeidsgjevar tar vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein framtidsretta bank.
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Vi håpar du tar sjansen på oss!
Arbeidsstad: Førde. For meir informasjon om stillinga kontakt leiar gevinst- og leverandøroppfølging, Andrea Kvamsdal, tlf 97639148.
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den sjuande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 78 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
- Sektor
- Privat
- Sted
- Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Konsulent, Økonomi og regnskap
- FINN-kode
- 385411132
- Sist endret
- 18. des. 2024 07:21