Postdoktorstilling innan berekningsorientert matematikk for geovitenskap

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Postdoktorstilling innan berekningsorientert matematikk for geovitenskap
Frist
21.01.2025

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w
Postdoktorstilling 

I forskningsgruppa for porøse medier ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i berekningsorientert matematikk for geovitenskap. 

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til ERC Consolidator Grant-prosjektet «Mathematical and Numerical Modelling of Process-Structure Interaction in Fractured Geothermal Systems” (MaPSI).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I utvikling og produksjon av høgtemperatur geotermiske ressursar resulterer store induserte gradientar i trykk og temperatur under injeksjonsoperasjonar i komplekse kopla prosessar. Det inkluderer koking av geotermiske fluid og deformasjon av den oppsprukne bergarten, kopla dynamikk som så langt er lite forstått. Dette gjev motivasjon så vel som utfordrande testproblem for ny matematisk og numerisk metodikk som vil bli utvikla i MaPSI-prosjektet. MaPSI har som sitt hovudmål å lage matematiske modellar og simuleringsteknologi som krevjast for å vurdere prosess-strukturinteraksjon i undergrunnen i samanheng med hydraulisk og termisk stimulering i utvikling og produksjon av geotermiske ressursar med høg temperatur. 

Kandidaten som vert tilsett vil bli med i MaPSI-prosjektets arbeidsgruppe og bidra til forskingsaktivitetar i MaPSI-prosjektet. Arbeidsoppgåver vil inkludera matematisk modellering, utvikling og implementering av numeriske metodar og implementering av case relevant for å forstå prosessar i felt. Programvareutviklinga vil bygge på den opne kildekoden PorePy (github.com/pmgbergen/porepy), som er under utvilking i MaPSI-prosjektet og allereie har funksjonalitet for modellering av komposisjonell flerfaseflyt og kopla prosess-strukturinteraksjon i oppsprukne termoporoelastiske medium.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk eller utrekningsvitskap («scientific computing»), eller alternativt innanfor utrekningsorientert fysikk eller utrekningsorientert geovitskap. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 31. juli 2025. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha utdanning på minimum masternivå innan matematisk modellering, partielle differensiallikningar og numerisk analyse.
  • Søkjarar må ha erfaring med utvikling av open kildekode eller samarbeid om utvikling av programvareplattformer for utrekningsvitskap.
  • Det er ein fordel for søkjarar å ha erfaring med numeriske metodar for mekanikk og/eller flyt i porøse medium.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

I vurderinga av kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking og motivasjonen deira for å søkje på stillinga bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. 


Vi kan tilby:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500 (tilsvarande lønssteg 64). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om  forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 31.07.2025
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor og senterleiar Inga Berre, Universitetet i Bergen, e-post: inga.berre@uib.no, telefon: +47 99042244.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgiver, Magnus Larsen, e-post: magnus.larsen@uib.no  

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.      

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Allégaten 41, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
385500276
Sist endret
18. des. 2024 11:07