Sjukeheimslege

Arbeidsgiver
Herøy kommune, avdeling for legeteneste
Stillingstittel
Sjukeheimslege
Frist
09.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker etter sjukeheimslege i 100 prosents stilling, Om ønskeleg kan det søkast på delar av stillinga.

Herøy kommune har to sjukeheimar:

  • ein på Eggesbønes med tre avdelingar
  • ein i Myrvåg med to avdelingar, der den eine er korttids- og rehabiliteringsavdeling med kommunale akutt døgnplassar.

Til saman har dei to sjukeheimane 88 plassar. Det er knappe 20 minutt å køyre mellom dei to sjukeheimane. Herøy kommune har vedteke 130 prosents legeressurs for sjukeheimtenesta. For tida er éin fastlege tilsett i 20 prosents stilling og dekker ei av avdelingane. 

Som sjukeheimslege har du ordinær arbeidstid med 37,5 timar i veka, men delar av stillinga er fleksibel, slik at det også er rom utanom ordinær arbeidstid til å kunne gi råd til avdelingane.

Sjukeheimslegestillinga høyrer til avdeling for legeteneste. Herøy kommune har tre legesenter, to kommunale og eit privat med tilsaman 11 fastlegar. Alle almennlegestillingane er besette. Det er nyleg tilsett kommuneoverlege som òg er leiar for legetenesta. 

Kommunen er tilknytta Søre Sunnmøre legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid om legevakt utanom ordinær arbeidstid. Vårt lokalsjukehus er Volda sjukehus som ligg om lag tre kvarter unna Eggesbønes.

Legar med relevant spesialitet vil bli prioriterte for stillinga, men legar i spesialisering er óg velkomne til å søke på stillinga. Som allmennlege i spesialisering vil det bli organisert rettleiing og bakvaktordning slik at ein kan få inntil to år teljande teneste til spesialiteten i allmennmedisin.

Planen for legetenesta vår kan du lese meir om her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf  


Arbeidsoppgåver

  • medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheimane inkludert kontakt med pårørande og rettleiing av personalet
  • deltaking i undervisning for personalet
  • deltaking i overordna systemarbeid og fagutvikling for det medisinske arbeidet i kommunen sine sjukeheimar
  • deltaking i samhandling med fastlegane og spesialisthelsetenesta

Som sjukeheimslege har du ikkje vaktplikt, men du har høve til å ta vakter etter avtale med leiar for legevakta. Ved tilfelle med deltidsstilling som sjukeheimslege, kan denne kombinerast med fastlegeavtale/-stilling.

Kvalifikasjonar

  • du må ha norsk autorisasjon og oppfylle krava i forskrift om kompetansekrav for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta
  • det er ein fordel at du har ei relevant spesialistutdanning
  • dersom du ikkje har relevant spesialitet, vil vi legge til rette for at du kan fullføre slik utdanning

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Du skal like å arbeide med dei medisinske utfordringane som vi har i geriatrien.
  • Du skal kunne gi deg tid med den einskilde, og du skal kunne samhandle med pasienten sine nærståande.
  • Du skal like å arbeide i team med fleire faggrupper.
  • Du kommuniserer godt med samarbeidspartnarar, som til dømes spesialisthelstenesta.
  • Du er fleksibel og oppteken av utviklingsarbeid.

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkarane utifrå kompetanse, intervju og referansar. Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Vi tilbyr

  • konkurransedyktig fastløn etter kvalifikasjonar
  • dekking av relevante kurs innanfor vedtekne rammer
  • gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • fleksibel arbeidstid
  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • godt organsiert samarbeid mellom dei sju kommunane på Søre Sunnmøre på fleire område, mellom anna faggruppe for sjukeheimslegane

Vi vil legge til rette for fagleg utvikling, relevant spesialisering og deltaking i samlingar for sjukeheimslegar.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av  gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. 

Kontaktinformasjon

Jan Magne Remøy, Kommuneoverlege og avdelingsleiar for legetenesta, +47 47768084

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11

6092 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 4896173536

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
385526561
Sist endret
19. des. 2024 06:27