Vil du bidra til å gjera kommunen endå meir synleg og attraktiv for framtidige arbeidstakarar?
- Arbeidsgiver
- Vindafjord kommune HR og lønn
- Stillingstittel
- Bli ein influensar for kommunen!
- Frist
- 19.01.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Me søker to nysgjerrige, kreative og digitalt interesserte studentar som ønsker å få verdifull erfaring innan kommunikasjon, marknadsføring og innhaldsproduksjon. I løpet av seks veker i sommar vil du blant anna bidra med å utvikla og påverka Vindafjord kommune sin rekrutteringsprofil i sosiale media.
Sommarjobben er ein del av Sildikon Valley, og er alt anna enn vanleg! I staden for å være vikar i ein ordinær stilling, tilsett me deg for å samarbeida med ein annan student om å løysa ei konkret utfordring som kommunen står overfor. Gjennom sommaren vil du delta i både faglege og sosiale samlingar med andre Sildikon Valley-studentar, og få moglegheita til å bygga eit verdifullt nettverk. Dette er sommarjobben for deg som vil utfordre deg sjølv, få relevant arbeidserfaring, og samtidig bli kjent med ein av dei mest dynamiske og innovative regionane i Norge.
Stillingane er 100% i perioden frå 16. juni til 25. juli 2025. Arbeidsstad vil væra på rådhuset i Ølen.
Kva får du jobba med i prosjektperioden?
Prosjektet inneheld både ein skriftleg del og ein kreativ del med innhaldsproduksjon.
- Skaffe ei oversikt over kommunen si bruk av sosiale media, og vurdera kva som er nyttig å fokusera på i samband med rekruttering av særleg yngre arbeidstakarar.
- Utarbeida ein publiseringsplan for aktuell rekrutteringsprofil i sosiale media.
- Laga kreativt innhald: Ta bilete og produsera kortare videoar til våre sosiale media for å engasjera og tiltrekka yngre målgrupper. Det er også ønskeleg med idear og skisser til nye konsept.
- Vera med å bygga opp ein «bank» med organisasjonsbilete, som kan nyttast i rekrutteringsarbeid, marknadsføring og profilering av kommunen.
Me kan tilby:
- Ein spennande, kreativ og lærerik sommarjobb som gir relevant arbeidserfaring.
- Vera ein del av Sildikon Valley-samarbeidet og bygga verdifullt nettverk.
- Moglegheit til å bidra til ein viktig samfunnsoppgåve – å tiltrekka unge talent til kommunen.
- Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der du får moglegheit til å bruka kreativiteten din og utvikla ferdigheitene dine.
- Konkurransedyktig lønn, i Vindafjord kommune har me ei eigen ordning for lønn til studentar.
- Gratis parkering og tenestebil til bruk i arbeidstida.
- Du vil få ein eigen fadder som blir din kontaktperson, og kollegaer som vil du skal trivast og lukkast.
Kvalifikasjonar:
- Bachelor-/masterstudent innan relevant fagområde, for eksempel marknadsføring, kommunikasjon, samfunnsvitskap, medievitskap eller administrasjon.
- Du er vant til å nytta sosiale media, og har gjerne erfaring med innhaldsproduksjon.
- Du skriv godt nynorsk, og kan kommunisera klart og engasjerande.
- Førarkort klasse B er viktig, slik at du kjem rundt med tenestebil i vår flotte kommune.
Personlege eigenskapar:
- Kreativ og har evne til å tenka utanfor boksen.
- Auge for detaljar, og forstår viktigheita av autentisk og levande innhald.
- Stor interesse og engasjement for kommunikasjon, marknadsføring og sosiale media.
- Gode samarbeidsevner.
- Evne til å jobba sjølvstendig og sørga for framdrift i prosjektet.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
- Stillingsfunksjon
- Annet, Markedsfører, Rådgivning
- FINN-kode
- 385535073
- Sist endret
- 19. des. 2024 07:12