Hotellvert Pasienthotellet

Arbeidsgiver
Ekspedisjon og pasienthotell, Helse Førde
Stillingstittel
Hotellvert Pasienthotellet
Frist
20.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Pasienthotellet ved Førde sentralsjukehus har behov for hotellvertar. Dette gjeld vikarar for sommaren 2025 og tilkallingshjelp. 

Pasienthotellet ligg på Førde sentralsjukehus. Hovudoppgåva til Pasienthotellet er å vere eit tilbod for at pasientane skal bli behandla på lågast effektive omsorgsnivå. Pasienthotellet er eit tilbod for pasientar som er oppegåande og sjølvhjelpte, men som har behov for innlegging i sjukehus.

Les meir om Helse Førde HF. 


Arbeidsoppgåver

  • Bemanne resepsjon
  • Handtere inn- og utsjekking
  • Du vil vere eit kontaktpunkt for sengepostar og poliklinikkar
  • Du vil ta førefallande arbeid i seksjonen
  • Ta del i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • God generell IT-kunnskap

Personlege eigenskapar

  • Må vere fleksibel og ha evne til å jobbe effektivt
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
  • Samarbeide godt med andre, dele kunnskap og erfaring
  • Serviceinnstilt
  • Nøyaktig og løysingsorientert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trude Njøsen Helgås, Avdelingssjef, +47 971 01 110

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde


Referansenr.: 4897293550

Stillingsprosent: 100, 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 20.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet
FINN-kode
385542033
Sist endret
19. des. 2024 07:22