Midlertidig stilling for medisinarstudent med lisens
- Arbeidsgiver
- Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ PBU Nordhordland, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Midlertidig stilling for medisinarstudent med lisens
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Ved BUP Nordhordland er det ledig 20% midlertidig stilling for medisinarstudent med lisens. Det kan vere aktuelt å forlenge den midlertidige stillinga.
BUP Nordhordland held til i Knarvik og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er i overkant av 8500 barn i opptaksområdet, som består av kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen og Modalen. I tillegg til utgreiing og individuell terapi legg vi vekt på gruppebehandling og psykoedukasjon til både barn og foreldra deira. Vi ligg naturskjønt til, og ein del av behandlinga kan også vere arenafleksibel.
Vi er ein poliklinikk med 21 gode kollegaer i eit tverrfagleg godt fellesskap. Vi arbeider etter kunnskapsbaserte metodar og har eit tett samarbeid med førstelinjetenesta og andre relevante etatar. Vi held til i nye flotte lokale i Region Nordhordland Helsehus, og er samlokalisert med mellom andre Knarvik Allmennpsykiatriske poliklinikk, fleire andre seksjonar frå Helse Bergen og mange kommunale instansar. I det seks etasjar høge huset ligg alt til rette for mykje godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
Vi ligg plassert ca 30 minuttar frå Bergen sentrum, og det går ekspressbuss 4 gonger i timen i rushtida. Det går og snøggbåt frå Strandkaien som tar deg like til oss på Knarvik. Det er ein flott tur og ein god start på dagen.
For stillinga er det krav om dokumentert midlertidig legelisens, og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Bistå i utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdom
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
Personlege eigenskapar
- Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
- Høg fagleg og fagetisk medvit
- Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljø
- Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
- Ved tilsetting blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
- Delvis fleksibel arbeidstid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Monica Sture, Seksjonsleiar, 99027253, monica.sture@helse-bergen.noArbeidsstad
Kvassnesvegen 405914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4898193719
Stillingsprosent: 20%
Vikariat
Startdato: 20.01.2025
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 385546386
- Sist endret
- 19. des. 2024 07:34