Barnehagelærar / pedagogisk leiar

Arbeidsgiver
Herøy kommune, seksjon barnehage
Stillingstittel
Barnehagelærar / pedagogisk leiar
Frist
10.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Barnehagane i Herøy kommune søker etter barnehagelærarar og pedagogiske leiarar. Vi har ledig

  • ei fast 100 prosents stilling i Leikanger barnehage
  • eit vikariat i 100 prosents stilling i Myrsnipa barnehage til 31.07.2026 med moglegheit for fast tilsetting.

Som tilsett må du kunne følge barnehagen sitt vaktsystem.

Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og set dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen.

Vi legg vekt på arbeidet med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).


Arbeidsoppgåver

  • ta del i arbeidet med å skape gode lærings- og arbeidsmiljø
  • legge til rette for eit godt samarbeid med foreldra og andre involverte partar i barnehagen
  • legge til rette for eit utviklande og inkluderande leikemiljø
  • leie og/eller ta del i pedagogisk utviklingsarbeid
  • skape gode kvardagar for små og store på di avdeling og heile barnehagen
  • tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • godkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
  • gjerne rettleiingskompetanse
  • kunnskap om den autoritative vaksenrolla
  • kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Godkjent politiattest av ny dato må leggast fram før tilsetting. 

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør.
  • Du er engasjert, målretta, fleksibel og lærevillig.
  • Du tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollegaer.
  • Du ser verdien av tverrfagleg samhandling.
  • Du er god på samhandling og kommunikasjon, i tillegg til at du meistrar å arbeide åleine.
  • Du ser løysingar på utfordringar, og er oppteken av å skape ein god kvardag for barna.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen og ansienniteten.

Vi tilbyr

  • fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • god oppfølging av nytilsette
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299

Arbeidsstad

Rådhusgata 7

6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 4896184468

Stillingsprosent: 100%

Vikar, Fast

Startdato: 03.02.2025

Søknadsfrist: 10.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Fosnavåg, 6090 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
385608380
Sist endret
19. des. 2024 08:30