Miljøterapeut ved Miljøterapitenesta, Helsetunvegen
- Arbeidsgiver
- Gol kommune Miljøterapitenesta
- Frist
- 20.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
70 % fast stilling
Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet.
Vi søkjer:
Miljøterapeut i 70 % fast stilling knytt til vårt område Helsetunvegen. Det er to-delt turnus med arbeid dag og kveld, og langvakter kvar 4. helg.
Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i form av hjelp, omsorg og pleie etter individuelle behov
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Kartlegge brukarbehov, iverksette og evaluere målretta tiltak
• Sørge for at tenestemottakar opplever tryggheit, blir verdsett og behandlast med respekt
• Sikre god kontakt og oppfølging av pårørende
• Legemiddelhandtering og oppfølgjing av tjenestemottakers helse
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica
• Oppgåva som primærkontakt kan bli tillagt
Kvalifikasjonar:
• 3-årig helsefagleg høgskuleutdanning innanfor helse, sosial eller pedagogikk
• Evt. utdanna fagarbeidar med relevant fagbrev.
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi ynskjer at du har:
• Kunnskap om og erfaring med utviklingshemming
• Liker utfordringer og er løsningsorientert
• Kjennskap til hol. kap. 9 (tvang og makt)
• Gode samarbeidsevner med brukarar, pårørande og kollegaer
• Du tar initiativ, bidrar til utvikling, engasjement og et godt arbeidsmiljø
• kunnskap i bruk av digitale verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane
• Førarkort klasse B
Vi tilbyr:
• Ein interessant og utfordrande jobb med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelige, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• God pensjonsordning
• Gratis tilgang til treningsstudio i Gol Idrettsarena (GOLIAT)
For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk
Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
• Under Arbeidserfaring i søknaden, må du oppgi tidlegare arbeidsgivarar og laste opp attest/tenestebevis frå disse. Har du ikkje tenestebevis må du legge ved vedlegg som seier noko om dette
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Helsetunvegen, 3550 Gol
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
- FINN-kode
- 385617469
- Sist endret
- 19. des. 2024 09:47