Filialstyrar, 14,7% fast (Byrknes)
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Kultur og mangfald. Tilsetjing 14,7% fast st. filialstyrar ved Byrknes filial, frå snarast
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen folkebibliotek har fire avdelingar. Hovudbiblioteket ligg i Eivindvik, og filialane i Brekke, Byrknes og Dalsøyra er lokalisert på skulane, saman med skulebiblioteka. Er du glad i å lese, trivst du godt med å møte folk, og kan tenkje deg å formidle litteratur? Då håpar vi du vil søkje stillingane som filialstyrar!
Fylgjande stilling er ledig: 14,7% fast stilling som filialstyrar på Byrknes, ledig frå snarast/etter avtale. Byrknes filial er ope onsdagar kl. 15-20.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til utlån og innlevering
- Samlingsutvikling
- Litteraturformidling
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå kundebehandling eller serviceyrke
- Ein må kunne kommunisere godt på norsk; både skriftleg og munnlege
- Gode IKT-kunnskapar
- Fagbrev (to år) er ynskjeleg, men er ikkje eit krav for stillinga/stillingane
Personlege eigenskapar
- Interesse for litteratur
- Fleksibel, nøyaktig og strukturert Imøtekommande, positiv og serviceinnstilt
- Arbeide sjølvstendig, men også samarbeide godt med andre
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Annet, Kontor og administrasjon
- FINN-kode
- 385625613
- Sist endret
- 20. des. 2024 09:17