Fysioterapeut - vikariat
- Arbeidsgiver
- Suldal kommune Helse
- Stillingstittel
- Fysioterapeut
- Frist
- 06.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Kort om stillinga og arbeidsoppgåvene
Suldal kommune har ledig 80 % vikariat som fysioterapeut frå 1. april 2025 til 1 mars 2026. Vikariatet kan forlengjast.
Stillinga er organisert som en del av eining helse. Me har eit ungt og framover lent arbeidsmiljø og kan tilby gode arbeids- og lønsforhold. Helse har mykje tverrfagleg samarbeid med fastlegar, helsestasjon, heimesjukepleie, sjukeheimen, kreftkoordinator, ernæringsfysiolog og spesialisthelseteneste.
Arbeidsoppgåver er varierte, her får du arbeide med både born, vaksne og eldre.
Arbeidsoppgåver
• Kvardagsrehabilitering er hovedoppgåva for denne stillinga.
• Koordinator innan kvardagsrehabilitering og andre brukarar.
• Ergoterapeutiske oppgåver.
• Trene, rettleie, behandle og følgje opp rehabiliteringspasientar på institusjon. Delta i skulehelsetenesta med undervisning og oppfølging av born.
• Poliklinisk behandling av brukarar.
• Heimebehandling der det er naudsynt.
• Gruppetreningar i basseng og fysioavdeling.
• Bidra med fag- og kvalitetsutvikling av tenesta.
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me ønskjer at du som søkjar har:
• relevant utdanning
• gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
• kjennskap til norsk helsevesen
• kjennskap til kommunalt tenestetilbod, inkl kvardagsrehabilitering
• gode samarbeidsevner
• vera løysings- og resultatorientert
• evne til å arbeida sjølvstendig
• evne til å bidra til gode føresetnadar for kompetanseoverføring til andre tilsette i kommunen
Søkjar må ha førarkort klasse B.
Andre opplysningar:
• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt.
• Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar.
• Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
• Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste.
Slik søkjer du
• Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
• Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
• Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.
Kort om arbeidsgjevar
For å løysa og utvikla oppgåvene til kommunen vår, treng me engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Suldal kommune er ein lærande organisasjon, og har gode ordningar for kompetanseutvikling og vidareutdanning.
I vår kommune kan du kombinera ein periodevis hektisk jobb med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kopla av både i naturen og i det urbane miljø. Suldal har ein spanande og variert natur, med alt frå lune fjordar til høge fjellområde og lokale toppar. Det er framifrå moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Samtidig er det gode lokalmiljø og koselege sentrumsområde, og eit særskilt rikt og variert kulturliv.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eidsvegen 3, 4230 Sand
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Fysioterapeut
- FINN-kode
- 385632016
- Sist endret
- 19. des. 2024 01:39