Funksjonsleiar/sjukepleiar ved kirurgisk og sår poliklinikk 

Arbeidsgiver
Kirurgisk avdeling Stord, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du på jakt etter nye utfordringar ?

Då har vi ledig ei spanande stilling som funksjonsleiar for vår polikliniske verksemd i Kirurgisk avdeling ved Stord sjukehus. Stillinga er delt, der 20 % er knytt til drift og 80 % til Funksjonsleiar. Vi gjennomfører ei organisasjonsendring der vi no slår saman kirurgisk poliklinikk og sår poliklinikk til ei eining. Vi søkjer derfor etter deg som ønskjer å vere med å bygga saman og utvikla denne nye eininga framover.    
Vi søker deg som er opptatt av leiing, HMS og kvalitetforbedring.

Du vil som funksjonsleiar for kirurgisk og sår poliklinikk, ha ansvar for drifta ved poliklinikken i tett samarbeid med timekontor og ressursplanleggar. 
Funksjonsleiar ved kirurgisk og sår poliklinikk har tett dialog med legegruppene innan Ortopedi, Generell /Gastro kirurgi, Urologi, Kar kirurgi i tillegg til Lis 2  og Lis 1. I tillegg vil du samhandle med andre leiarar ved sjukehuset. 
Det arbeider både sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i avdelinga.

 


Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar som næraste leiar for medarbeidarane i eininga
  • Bidra til fagleg fokus og utvikling i avdelinga.
  • Utarbeiding av rutiner i samarbeid med tilsette i avdelinga
  • Ansvarleg for å involvere og fylgje opp medarbeidarane og pasientbehandlinga i avdelinga.
  • Fokus på kvalitet og internkontroll
  • Funksjonsleiar rapporterer direkte til Avdelingsleiar for Kirurgisk avdeling.
  • Delta i drifta på poliklinikken som sjukepleiar i 20% av stillinga.
  •  

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Leiarerfaring kan vere ein fordel
  • Erfaring frå liknande poliklinisk verksemd er ein fordel
  • Kjennskap til lov og avtaleverk

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er:

  • Positiv og nytenkjande 
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Har gode leiareigenskapar
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • God på  kommunikasjon og samarbeid
  • Likar å arbeide i eit travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Relavant opplæring
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Vi kan tilby ein spanande arbeidskvardag  der ingen dagar er like .
  • Avdelinga har erfarne tilsette med lang ansiennitet i avdelinga, ei avdeling med høg kompetanse.
  • Støtte til leiarutdanning

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Aud Lisa Kjøl, Avdelingsleiar, 41249100, aud.lisa.kjol@helse-fonna.no

Arbeidsstad

tysevegen 64

5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4898322879

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 10.02.2025

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
tysevegen 64, 5416 Stord
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
385636057
Sist endret
19. des. 2024 12:59