Vernepleiar eller sjukepleiar med fagansvar
- Arbeidsgiver
- Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
- Stillingstittel
- Vernepleiar eller sjukepleiar med fagansvar
- Frist
- 12.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du ute etter ny jobb? Ynskjer du faglege utfordringar, ein variert arbeidskvardag og moglegheit for å tenke nytt? Då kan dette vere jobben for nettopp deg!
Stillinga er planlagt med arbeid på dagtid i vekedagane og arbeid for tida kvar 4. helg. Dette er ei nyoppretta stilling, etter intern endring i eininga og du får slik vere med på å forme og utvikle denne stillinga.
Bu- og rehabiliteringstenestene er ei eining med fire avdelingar, med fleire bueiningar til vaksne, barne -og avlastningtenester og avdeling for psykisk helse og rus. Denne stillinga gjeld primært fagansvar opp i mot dei ulike bueiningane. Fagansvaret vert delt med avdelingsleiarane og andre tilsette med høgskuleutdanning. Arbeidsfordelinga og fokus kan verte endra i takt med behovet ved dei ulike avdelingane. Du vil mellom anna ha veiledning og arbeid opp i mot Kap. 9 i HOL, ansvar for utarbeiding av rutinar og prosedyrar, legemiddelhandtering, miljøterapeutisk og sjukepleiefagleg støtte og bistand elles. Oppstart så snart som mogleg og etter avtale med einingsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Ha ansvar for rutiner og system gjeldande legemiddelhandtering
- Kunne bistå praktisk med legemiddelhandtering
- Arbeide for og sikre at tenestene utfører dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande lov og retningsliner
- Arbeid med kvalitetsystem elles, prosedyrer og rutiner
- Vere med å gi opplæring og rettleiing
- Ansvar ift kap 9 i HOTL
- Bistå dei ulike avdelingane fagleg og praktisk
- Bistå dei ulike avdelingane med interne rutinar, prosedyrar og tiltaksplaner
- Delta i nettverks- og utviklingsarbeid
- Vere bidragsytar i personal- og fagmøter
- Ulike oppgåver delegert frå avdelingleiarane og einingsleiar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend vernepleiar eller sjukepleiar
- Kunnskap om og erfaring med ulike funskjonsvariasjonar
- Kunnskap om HOL kap. 9
- Kompetanse og erfaring med å jobbe etter prinsippa i målretta miljøarbeid
- Erfaring med åtferd som utfordrar, førebygging
- God kjennskap og erfaring med arbeid opp mot brukergruppa
- Minimum to års erfaring frå fagfeltet
- Norsk er arbeidspråket til Sykkylven kommune. Du kommuniserer, les og skriv så godt norsk at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
- Det er krav om tilfredstillande politiattest
- Søkjar må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du tek ansvar, er sjølvstendig og har god planleggingsevne
- Du er målretta, kreativ og omstillingsdyktig
- Du har fokus på godt samarbeid med kollegaer, brukarar, pårørande og andre interne og eksterne samarbeidspartar
- Du er fagleg engasjert og evnar å omsette fag til praksis
- Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjons og framstillingsevner
- Du likar utfordringar og er handlings- og løysingsorientert
- Du er oppteken av kvalitet og å sikre at praksis samsvarar med lokale og nasjonale retningsliner
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Utviklingsorientert felleskap og kollegastøtte
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenesteneArbeidsstad
Ura 96230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4897322432
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Ura 9, 6230 Sykkylven
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- FINN-kode
- 385638995
- Sist endret
- 19. des. 2024 01:41