AMK-operatør
- Arbeidsgiver
- AMK, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- AMK-operatør
- Frist
- 06.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserar den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Vi har ledige stillingar, og søker Operatører i Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral - AMK Møre og Romsdal
1 x 100% fast stilling med oppstart frå snarast
1 x 70% fast stilling med oppstart frå snarast
2 x 50% engasjement frå snarast - 25.01.26, med moglegheit for forlenging
Ynskjer du å vere ein del av teamet som er med på å sikre befolkninga rett helsehjelp til rett tid, når sekund og minutta tel? Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK er nødtelefon - 113, for befolkninga i Møre og Romsdal; det viktigaste kontaktpunktet for rask og riktig akuttmedisinsk hjelp.
AMK er eit viktig bindeledd mellom primær- og spesialisthelsetjenesta i Møre og Romsdal, og medvirkar i dei fleste akutte pasientforløp. Alle nivå i helsetenesta, i samvirke med andre nødetatar, redningstenesta og andre aktørar bidreg til eit sterkt akuttmedisinsk hjelpeapparat utanfor sjukehus i Møre og Romsdal. Det skal innføres ei ny nasjonal IKT-løsning i AMK-sentralene. Tilsetting som AMK-operatør no vil gi dei rette kandidatene muligheten til å være med å utvikle morgendagens AMK-sentral.
Intern omrokkering kan gi andre ledige stillingar. Det kan vere gode høve til forlenging.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Sjekk ut vår instagram amk_more_og_romsdal
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!
Arbeidsoppgåver
- Prioritering av henvendelsar
- Medisinsk rettleiing og råd til innringarar
- Koordinering av ambulansebilar, båtar, helikopter og fly innanfor helseforetakets ansvarsområde
- Varsling av samarbeidspartnere i den akuttmedisinske kjeden. Tilrettelegge for kommunikasjon og samhandling mellom primær og spesialisthelsetjenesten i forskjellige pasientforløp
- Støtte helsetenesta i tilrettelegging for gode pasientforløp
- Vere med å utvikle nødmeldetenesta i takt med samfunnet og helsetenesta sitt behov
- Organisasjonsutvikling i Prehospitale tenester kan tilføre andre arbeidsoppgåver under tilsettingsforholdet
Kvalifikasjonar
- Autorisert Ambulansearbeidar, autorisert paramedisiner eller autorisert Sjukepleiar
- Klinisk erfaring innan akuttmedisin er ein styrke
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- God kompetanse i bruk av datasystem
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Du er teamorientert, er medviten om eiga rolle i teamet og set teamets suksess øvst
- Du er uredd for å arbeide sjølvstendig
- Du meistrar stressande og hektiske arbeidsdagar og har godt utvikla simultankapasitet
- Du handterar samansatt informasjon, liker å søkje løysingar i komplekse problemstillingar
- Du har evne til å utføre fleire oppgåver samtidig
- Du er motivert for endring, utvikling og innovasjon
- Arbeid i AMK er forbunde med særleg risiko for å komme i situasjonar der konsekvensane av sine handlingar er stor for tredjepart eller samfunnet som heilskap. Det stillast derfor særlige krav til aktsemd, oppmerksemd, evne til refleksjon og læring.
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagde ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Ålesund sjukehus ligg omkransa av vakre fjell og fjordar med eit rikt naturlandskap. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge og er med sin vakre Jugendstilarkitektur viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Mari Longva Hanssen, Seksjonsleiar, 4525 0682, Mari.Longva.Hanssen@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4881145057
Stillingsprosent: 100, 70, 50%
Fast, Engasjement
Søknadsfrist: 06.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Sykepleier
- FINN-kode
- 385652402
- Sist endret
- 20. des. 2024 07:35