Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
12.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling Gotatoppen har ledig 65 % fast stilling som helsefagarbeidar, med oppstart snarleg.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling.
Det blir lagt vekt på godt arbeidsmiljø og god kvalitet i tenestene. Gotatoppen nyttar metoden VIPS for å implementere ei personsentrert omsorg.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktivitetar i forhold til demensomsorg/alderspsykiatri, primærkontaktansvar og samarbeid med pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein medarbeidar med godkjent utdanning som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar, med gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Det er ønskjeleg med praksis frå demensomsorg/alderspsykiatri.

Personlege eigenskapar

  • Vår nye medarbeidar må ha interesse for demensomsorg/alderspsykiatri og kunne formidle tryggleik og ro
  • Vi søkjer etter ein ansvarsbevisst medarbeidar med evne til samarbeid som kan jobbe både sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

  • Arbeid i ei avdeling med stort fokus på fag og fagutvikling
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
  • Stillinga er organisert i årsturnus med arbeid kvar tredje helg.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, +47 911 21 656

Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 488 94 818

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4898706117

Stillingsprosent: 65%

Fast

Søknadsfrist: 12.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
385681713
Sist endret
20. des. 2024 07:38