Tilkallingsvikar nattevakt

Arbeidsgiver
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikar nattevakter
Frist
31.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Miljøarbeidertenesta i Gloppen yter i dag tenester til omlag 60 brukarar med mellom anna utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har 55 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar tverrfagleg med overordna mål om å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. 

Vi ønskjer gjerne fagarbeidarar innan helse og omsorg. Du kan også jobbe som tilkallingsvikar hos oss, utan helsefagleg bakgrunn. Det er ein føresetnad at du har eit engasjement for brukargruppa, er villig til å lære, få rettleiing av helsepersonell og arbeide etter gjeldande planar og lovverk.

Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra i det miljøterapeutiske arbeidet. 

Vurdering av søknadane og tilsetting vil bli gjort fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er brukarretta og består mellom anna av: 

  • Hjelp til daglege gjeremål som personleg hygiene og reinhald
  • Observasjon og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Kjennskap til IKT
  • Erfaring frå liknande arbeid


Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning, kan andre med kunnskap og interesse for arbeid med stell og pleie av mennesker med ulike hjelpebehov vere aktuelt. 

Personlege eigenskapar

  • Interesse for faget og brukargruppa
  • Samarbeidsvilleg og fleksibel
  • Løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 930 18 186

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4897948405

Stillingsprosent: 1%

Vikar

Søknadsfrist: 31.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
385686297
Sist endret
20. des. 2024 07:46