ID 2266 Helsefagarbeidar - Eining for habilitering

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Frist
12.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining for habilitering treng ein ny kollega med helsefagleg utdanning i eitt av omsorgsteama våre og ser etter deg som er motivert, har brukarfokus og ønskjer å bidra med å gje brukaren ein trygg og meiningsfull kvardag. Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. I hovudsak er det to personale på jobb på dag/kveld som samarbeider om arbeidsoppgåvene. Det er varierte oppgåver gjennom dagen, alt frå personleg pleie, tilrettelegging av måltid, kommunikasjon, sosiale aktivitetar og trening. Brukar har stor interesse for musikk og trening, og har basseng som del av treninga. Høyrast dette spennande ut, så legg inn ein søknad.

Det er ledig fast 80% stilling for autorisert helsefagarbeidar.

Stillinga har turnus med dag, kveld og langvakter og langvakter kvar fjerde helg.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Bistå brukaren i dagleglivets aktivitetar og aktivitetstilbod

  • Gjennomføre tiltak, ivareta funksjonar

  • Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnar

  • Bruke kommunikasjonsverktøy

  • Legemiddelhandtering

  • Dokumentasjon gjennom fagsystem

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert helsefagarbeidar. Assistentar eller barne- og ungdomsarbeidarar med relevant erfaring kan og bli vurdert til stillinga.

  • Kan samarbeide tett med andre, like å jobbe i team, men også jobbe sjølvstendig

  • Har gode samarbeid -- og kommunikasjonsevner

  • Er fleksibel og løysningsorientert

  • Beherskar godt norsk både munnleg og skriftleg

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Assisterande avd.leiar Solveig Hovdenes Sleire, tlf 92269095 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97552097

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
385721742
Sist endret
20. des. 2024 07:44