ID 2267Helgestillingar i omsorgsteam- Eining for habilitering
- Arbeidsgiver
- Stord kommune
- Stillingstittel
- Helsefagleg utdanning, Studentar innanfor helsefag, assistentar
- Frist
- 12.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Eining for habilitering treng fleire kjekke tilsette i vårt omsorgsteam og ser etter deg som er motivert, har brukarfokus og ynskjer å bidra med å gje brukaren ein trygg og meiningsfull kvardag. Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. I hovudsak er det to personale på jobb på dag/kveld som samarbeider om arbeidsoppgåvene.
Det er varierte oppgåver gjennom dagen, alt frå personleg pleie, tilrettelegging av måltid, kommunikasjon, sosiale aktivitetar og trening. Brukar har stor interesse for musikk og trening, og har basseng som del av treninga. Høyrast dette spennande ut, så legg inn ein søknad.
Me har ledig 2 faste helgestillingar på om lag 15% med arbeid på dag/kveld kvar tredje helg.
Arbeids- og ansvarsområde:
-
Bistå brukaren i dagleglivets aktivitetar og aktivitetstilbod
-
Gjennomføre tiltak, ivareta funksjonar
-
Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnar
-
Bruke kommunikasjonsverktøy
-
Legemiddelhandtering
-
Dokumentasjon gjennom fagsystem
Kvalifikasjonskrav:
-
Ikkje krav til formell utdanning, men det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid innan helse. Studentar innan helsefag vert spesielt oppmoda om å søkja.
-
Kan samarbeide tett med andre, like å jobbe i team, men også jobbe sjølvstendig
-
Har gode samarbeid -- og kommunikasjonsevner
-
Er fleksibel og løysningsorientert
-
Beherskar godt norsk både munnleg og skriftleg
-
Personlege eigenskapar blir vektlagt
-
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Stord kommune har bonusavtalar for studentar innan helsefag
Kontaktperson: Assisterande avd.leiar Solveig Hovdenes Sleire, tlf 92269095 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 385721888
- Sist endret
- 20. des. 2024 07:47