Barne-og ungdomsarbeidar og barne-og ungdomsarbeidar med teiknspråkkompetanse ved Valderøy barneskule
- Arbeidsgiver
- Giske kommune, Valderøy barneskule
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar ved Valderøy barneskule
- Frist
- 02.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig 2 x 100 % stillingar som barne- og ungdomsarbeidar ved Valderøy barneskule og SFO. Begge stillingane er ledige frå snarast og følgjer normalarbeidsår.
Valderøy barneskule er ein 1 – 7 skule med ca. 450 elevar. Rundt 170 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» - med fokus på vekst og varme.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.
6050 Valderøya
Referansenr.: 4897211442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025
Valderøy barneskule er ein 1 – 7 skule med ca. 450 elevar. Rundt 170 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» - med fokus på vekst og varme.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.
Menn blir oppfordra til å søkje.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Leike, lære og utforske i lag med barn, både ute og inne.
- Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik.
- Samarbeide tett og godt med barn, foresatte og kollegaer.
- Støtte og hjelpe elevar med ulike behov for meistring av skulekvardagen.
- Hjelpe til med praktiske oppgåver i samband med skulekvardagen.
Kvalifikasjonar
- Vi ønsker helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men helsefagarbeidarar og andre kan også søkje.
- Det er ønskjeleg med teiknspråkkompetanse.
- Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
- Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
- Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
- Vere trygg i konflikthandtering.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
- Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
- Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
- Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
- Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer
Kontaktinformasjon
Terje Andrè Austnes, einingsleiar/rektor, +47 90787060Arbeidsstad
Øvstevegen 196050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4897211442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Øvstevegen 19, 6050 Valderøya
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Annet, Barnehage / Barnehageassistent
- FINN-kode
- 385749233
- Sist endret
- 20. des. 2024 01:03