Er du klar for å gjere ein forskjell gjennom effektiv kommunikasjon?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Kommunikasjon og service
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Frist
07.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer ein kreativ og initiativrik kommunikasjonsrådgjevar i 100% fast stilling ved avdeling kommunikasjon og service i Vindafjord kommune. Du vil ha ei sentral rolle i å utvikla og gjennomføra kommunens kommunikasjonsstrategi, skapa innhald på tvers av kanalar, og vera ein viktig rådgjevar for både leiarar og tilsette. Avdelinga sine ansvarsområder er servicetorg, arkiv og politisk sekretariat. Hos oss vil du få moglegheit til å jobba med varierte og spennande oppgåver, i ein avdeling som set samarbeid, kompetanseutvikling og trivsel høgt. Som ein del av avdelinga må ein også berekne å ta arbeidsoppgåver som kjem under dei andre faga i periodar. 

Viss du har erfaring innan kommunikasjon, er ein dyktig formidlar og brenn for å skapa engasjement, er detta stillingen for deg!

Kva får du jobba med hos oss?

  • Utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsstrategiar og -planar.
  • Produsere og vedlikehalda engasjerande innhald til ulike kommunikasjonskanalar, inkludert nettsider, sosiale medium, nyheitsbrev og pressemeldingar.
  • Rådgje og støtte leiarar og tilsette i kommunikasjonsfaglege spørsmål inkludert mediehandtering.
  • Planlegge og gjennomføre informasjonskampanjar og arrangement.
  • Overvake og analysere medieomtale og kommunikasjonsaktivitetar.
  • Bidra til utvikling og vedlikehald av kommunen si visuelle profil.
  • Bidra til å heva kvaliteten på det som blir delt av informasjon
  • Delansvar med beredskap og krisekommunikasjon
  • Handtera varierte og spennande kommunikasjonsoppgåver som oppstår.
  • Andre oppgåver i avdelinga ved behov.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og videreutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, marknadsføring eller liknande.
  • Erfaring frå kommunikasjonsarbeid, gjerne frå offentleg sektor.
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk.
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy og sosiale medium.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt gode samarbeidsevner.

Me tenker at du:

  • Er kreativ og initiativrik.
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt gode samarbeidsevner.
  • Har gode relasjonsbyggande eigenskapar.
  • Evner til å handtere fleire oppgåver samtidig og levere innan fristar.
  • Er positiv og løysingsorientert.
  • Er oppteken av dela av eigen kunnskap, samt å heva eigen og andre sin kompetanse.
  • Er ein god bidragsytar sosialt og oppteken av å spela andre gode.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
PR og informasjon, Markedsfører, Annet
FINN-kode
385765735
Sist endret
20. des. 2024 01:36