Veterinær til kombinert praksis ved klinisk veterinærvakt - Stranda og Sykkylven vaktdistrikt

Arbeidsgiver
Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune
Stillingstittel
Veterinær til kombinert praksis ved klinisk veterinærvakt Stranda og Sykkylven vaktdistrikt
Frist
20.01.2025
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Stranda kommune søkjer veterinær som ønskjer å etablere seg i kommunen til kombinert veterinærpraksis (smådyr og produksjonsdyr)  frå februar, 2025,  Kommunen yter eit driftstilskot på ca. 260 000 som vert indeksregulert kvart andre år. Oppstartsdato og vidare engasjement kan diskuterast. 

Kommunen er del av vaktdistrikt Stranda og Sykkylven, med maks 1 1/2 times køyring mellom ytterpunkta. I Sykkylven inngår inseminering i praksisen, men ikkje i Stranda. Kommunen har eit aktivt landbruksmiljø med om lag ca. 80 landbruksføretak. Produksjonsdyrpraksisen omfattar i hovudsak mjølkekyr og kjøtfe, samt sau, geit og gris. Det er også ein del hest i distriktet. Inseminering inngår p.t. ikkje i praksisen.

Stranda ligg sentralt i hjarte av Sunnmørsalpane. Vi har fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og eit variert og rikt kulturliv. Kommunen har bl.a. det største skisenteret på Nordvestlandet

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju.  Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i dagpraksis i Stranda kommune og klinisk veterinærvakt-tenester i Stranda og Sykkylven veterinærvaktdistrikt. Innretning på vaktordninga vert gjort i samarbeid mellom kommunane og veterinærar.

Kvalifikasjonar

  • Krav om norsk autorisasjon som veterinær
  • Godkjent inseminasjonskurs (Geno), ev. kan arbeidsgjevar kompensere for utgifter til kurs
  • Du må ha førarkort kl. B. Kommunen er villig å diskutere avtale om tilgang på bil og utstyr.
  • Nyutdanna vert oppfordra til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling vert sterkt vektlagt.
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig som veterinær.
  • Du må ha god framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

  • Godtgjering for klinisk veterinærvakt etter gjeldande satsar
  • Driftstilskot (p.t. ca. 260 000 kr/år som vert indeksreguler annakvart år)
  • Køyregodtgjersle etter staten sine satsar ved bruk av eigen bil
  • Fleksibel arbeidskvardag med smådyr, storfe, sau, geit og hest.

 


Kontaktinformasjon

Inge Bjørdal, 46411023, inge.bjordal@stranda.kommune.no

Arbeidsstad

Øyna 13

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune


Referansenr.: 4873440652

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 20.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Øyna 13, 6200 Stranda
Stillingsfunksjon
Annet, Veterinær og dyrepleier
FINN-kode
385769117
Sist endret
20. des. 2024 02:23