AMK operatør
- Arbeidsgiver
- Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, Helse Førde
- Stillingstittel
- AMK operatør
- Frist
- 17.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønsker du å jobbe i front av den akuttmedisinske kjede?
AMK-sentralen i Førde lyser ut:
- 3 x faste heiltidsstillingar
- 2 x vikariat i 100% frå 03.02.2025. Søkjarar med AMK kompetanse kan eventuelt starte tidlegare.
Prehospital avdeling består av AMK Førde og fleire ambulanseseksjonar som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. AMK Førde har 21 årsverk som dekkjer funksjonane medisinsk operatør og koordinator.
Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) betjener medisinsk nødtelefon 113. AMK har til primæroppgave å iverksette riktig hjelp til riktig tid når det har oppstått ein akutt sjukdom eller skade. AMK er ein arbeidsplass med gode moglegheiter for både fagleg- og personleg utvikling.
Sentralen håndterar nødtelefonar for ca.110.000 innbyggjarar og koordinerar ambulanseressursane i Helse Førde sitt nedslagsfelt og internvarsling i sjukehusa.
AMK-sentralen bemannar og sjuketransport (kvit bil) kvardagar i tidsrommet kl.08.00-17.00.
AMK-sentralen har ein spennande og utfordrande arbeidskvardag der oppgåver må løysast i team, med tett samhandling med ambulansepersonell, aktørar i sjukehus, primærhelsetenesta og andre nødetatar. AMK har tett samarbeid med ambulansetenesta, luftambulansetenesta, interkommunal legevakt, akuttmottak og avdelingar i Helse Førde. Eksternt er det tett samarbeid med AMK Bergen, HRS og andre fagsentralar i regionen.
AMK- sentralen er lokalisert i moderne lokaler i Farabygget ved Førde sentralsjukehus, der og ambulansetenesta og luftambulansen held til.
Seksjonen har eigne fagutviklarar og opplæringsplan for nytilsette. Tilsette gjennomgår resertifisering i tråd med kompetanseplan for sentralen. Søkjarar utan AMK-kompetanse får opplæring- og innfasingsprogram beståande av både teori og praksis.
Seksjonen har årsarbeidsplan, med tredelt vakt. For tida har fleire turnuslinjer 12 timars skift. Stillingane kan ikkje delast.
Arbeidsoppgåver
- Sikre befolkninga rask og direkte kontakt med akuttmedisinsk personell
- Medisinsk nødtelefon 113
- Medisinsk rådgjeving
- Ambulanserekvirering
- Koordinering av bil-, båt-, og luftambulanseressursar
- Varsling av akutt-team i sjukehusa i Helse Førde
- Samarbeid med andre fagsentralar og nødetater
- Bindeledd mellom helsepersonell i og utanfor sjukehus
- Bemanne sjuketransport etter vaktplan
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar og / eller ambulansearbeider
- Søkjarar med erfaring frå AMK/ legevaktssentral er ønskeleg
- Klinisk praksis /erfaring frå anten klinisk verksemd, ambulanseteneste, legevakt er ønskeleg
- Videreutdanning i medisinsk nødmeldeteneste er ønskeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- Beherske engelsk munnleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Grunnleggande IKT kompetanse
- Førarkort klasse C1. Søkjar må på søknadstidspunktet ha klasse B, men vere villig til sjølv å ta C1 førarkort om slikt køyretøyklasse blir innført på sjuketransport
- Utrykkingsførarbevis er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Ha respekt for kvar enkelt innringar og pasient
- Arbeidsglad og gode samarbeidsevner
- Evne til å jobbe i team og sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Høg stresstoleranse
- Beslutningsdyktig
- Koordineringsevne
- God simultankapasitet (evne til å handtere fleire oppåver/informasjon samstundes)
- Fleksibel og løysningsorientert
- Normal hørsel og syn
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt prehospitalt miljø
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Kompetanseutvikling i form av fagstige
- Funksjonstillegg etter utsjekk og eige stabiliseringstillegg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helene Høiset Sæterdal, Seksjonsleiar, 415 30 336Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4895881935
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 17.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Annet
- FINN-kode
- 385771144
- Sist endret
- 20. des. 2024 02:08