Inaktiv

Ferievikarar sommaren 2025

Arbeidsgiver
HELSE OG OMSORG, Stad kommune
Stillingstittel
Ferievikarar sommaren 2025 - Helse og omsorg
Frist
02.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Stad kommune søkjer etter ferievikarar i helse og omsorg for sommaren 2025!

Vi søkjer etter deg som har lyst på ein meiningsfull sommarjobb i Stad kommune i perioden juni – august 2025.

Kanskje du har erfaring frå arbeid innan helse, er under helse- og sosialfagleg utdanning, eller lurer på om dette yrket er noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Vi ber deg spesifisere i søknaden når i perioden du kan arbeide, og om du har særskilt ønskje om arbeidsstad.
Viss du er under relevant utdanning er det fint at du spesifiserer kva fagretning du studerer, og kor langt du er kome. Du er også velkomen til å søkje om du studerer andre fag.

Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og kjekk sommarjobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til å tileigne deg kunnskap og erfaring om helse- og omsorgsfaget.

Under finn du ei oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb, og kvar i kommunen dei er plassert.
Du finn også meir utfyllande informasjon her: Tenestemagasin 2023


Oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb

  • Institusjonane og institusjonskjøken
    Hogatunet, Nordfjordeid
    Seljetunet, Selje

  • Heimetenesta 
    Nordfjordeid
    Selje/Stadlandet

  • Helse
    Legekontor, Nordfjordeid og Selje

  • Interkommunale helsetenester
    Legevakt og øyeblikkeleg hjelp, Nordfjordeid

  • Bu- og miljøtenesta

    Avdeling indre
    Myroldhaug/Gjerdane, psykisk helse og rus
    Myroldhaug, teneste for funksjonshemma
    Elvebøen, teneste for funksjonshemma
    Barneavlastning
    Psykisk helseteam og uteteam

    Avdeling ytre
    Triveli, teneste for funksjonshemma
    Reidahauen, teneste for funksjonshemma
    Kvia, psykisk helse og rus
     
    Lærings- og aktivitetssenter
    LA-senter, Nordfjordeid
    Hove, Selje
    Vår sin butikk, Stadlandet

Arbeidsoppgåver

  • Ferievikarane skal utføre oppgåver innan pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse 
  • Arbeidsoppgåver ved Interkommunale helsetenester (ØHD og legevakt) er rettleia sjukepleiaroppgåver som observasjonar, assistere ved konsultasjonar og triagering av pasientar, og utkøyring av lege med legevaktbil. God opplæring vil bli gitt.
  • Du inngår i turnus og arbeider saman med fast tilsette

Kvalifikasjoner

  • Du bør helst vere fylt 18 år
  • For arbeid i Heimetenesta må du som hovudregel ha sertifikat og kunne disponere bil
  • For arbeid i Interkommunale helsetenester må du vere under utdanning innan sjukepleie eller medisin, og kommunisere godt i norsk og engelsk. Må ha førarkort kl. B. 
  • Du må levere politiattest før start i stillinga

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ferievikarar som er nøyaktige, motiverte og som viser respekt
  • Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
  • Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og tek initiativ
  • Du forstår betydninga av teieplikt om helseopplysningar og anna sensitiv informasjon

 

Vi tilbyr løn etter tariff og lokale avtaler. 
Dersom du er under høgare utdanning innan relevant fagområde får du høgare løn. Du må dokumentere utdanning og kor langt du er kome i utdanninga.

Viss du har spørsmål kan du ta kontakt med leiarar i dei ulike einingane.

Kontaktinformasjon

Ann Charlotte Jansson, assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Annette Hovden, einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no

Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet og Seljetunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Linda Gotteberg, einingsleiar Helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no

Grete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.no

Arbeidsstad



6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4890580506

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 02.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
80
Sted
6750 Stadlandet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
385776043
Sist endret
15. jan. 2025 10:50