Fagarbeidar ved Gullfjordungen skule

Arbeidsgiver
Voss herad Gullfjordungen skule
Stillingstittel
80% stilling som fagarbeidar i vikariat
Frist
12.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om avdelinga: 

Gullfjordungen skule er ein barnskule for 1-7. klasse, med 150 born og 23 tilsette.  Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida.  Skulebygningane består av to hus, hovudbygg frå 1977, og gamleskulen der SFO held til. Frå neste år blir SFO fordelt i to lokale då det fleire born på SFO enn tidlegare år.  Skulen har fokus på eit godt læringsmijlø, tverrfagleg tema og felles forståing av leseundervisninga. 

Me har eit ledig vikariat i 80% stilling for perioden 03.02.2025 - 20.06.2025.

Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for  grunnskular, barnehagar, Integrering og vaksenopplæring, Barnevern, Helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.

Kvalifikasjonar

  • fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • anna relevant utdanning/erfaring vert vurdert

Personlege eigenskapar

  • me søkjer etter ein kreativ og dyktig arbeidar med god relasjonskompetanse
  • det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse for å tilretteleggje for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte
  • arbeide strukturert og løysingsorientert
  • ha godt humør

Arbeidsoppgåver

  • stillinga er fordelt mellom skule og SFO.
  • i skuletida arbeider ein i heil klasse, kor du ivaretar elevar som treng oppfylging
  • i SFO-tida tilrettelegg du for gode aktivitetar
  • oppgåver knytt til drift av SFO
  • utvida SFO

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Geili 8, 5704 Voss
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
385776903
Sist endret
23. des. 2024 07:10