Sommarjobb 2025 - fornybar energi og berekraft
- Arbeidsgiver
- Sogn og Fjordane Energi
- Stillingstittel
- Sommarjobb 2025 - fornybar energi og berekraft
- Frist
- 23.02.2025
Beskrivelse
Ein sommarjobb hos oss er ein fin måte å bli kjend med SFE på. Kanskje er dette også starten på ei framtidig karriere innan fornybar energi?
Viss du er i gang med ein bachelor- eller masterutdanning innan relevante fagområde som til dømes fornybar energi, elkraft eller andre ingeniørfag, kan ein sommarjobb ved hovudkontoret vårt på Sandane vere ei spanande moglegheit.
Vi ser etter deg som har interesse for oppgåver i skjeringspunktet mellom berekraft og ulike ingeniørfag. Aktuelle oppgåver kan vere innafor naturkartlegging, klimarekneskap, prosjektarbeid, research og analyse, datamodellering, forretningsutvikling, teknisk dokumentasjon og liknande.
Vi ser for oss å tilsette to kandidatar som kan utfylle kvarandre og jobbe saman om ulike oppgåver på tvers av relevante avdelingar hos oss, innafor nemnde fagområde.
Sommarjobben varer normalt i ein periode over 4-6 veker, der det kan vere mest aktuelt med arbeid frå starten / midten av juni og framover. Skriv i søknaden din kva veker du kan jobbe.
#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord #sommerjobbivest
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Rådgivning, Annet
- FINN-kode
- 385806567
- Sist endret
- 20. des. 2024 06:50