Ynskjer du å arbeide med oss sommaren 2025?

Arbeidsgiver
Høyanger kommune Tenesteområde helse og omsorg
Stillingstittel
Ferievikarar helse og omsorg
Frist
01.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi treng ferievikarar innan tenesteområdet helse og omsorg. Vi har ledige ferievikariat ved desse einingane:

 

  • Institusjonstenesta (Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim)
  • Open omsorg (Høyanger, Lavik og Sørsida)
  • Bu- og miljøtenesta Høyanger og Lavik
  • Sentralkjøkken


Vi treng vikarar i tidsrommet medio juni til medio august med hovudvekt på juli månad. Søkjarar som kan arbeide minimum 6 veker samanhengande vil verte prioriterte. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden.


Vi treng følgjande stillingsgrupper:

Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, sjukepleie/vernepleiestudentar, miljøarbeidarar, heimehjelp og assistentar. For stillingar innan sjukeheimar, open omsorg og bu- og miljøtenesta 
er arbeidstid i turnus med arbeid minimum 3.kvar helg.


Vi kan tilby god og trygg opplæring før oppstart. Du må være fleksibel, ha gode samarbeidsevner, kunne arbeid sjølvstendig og beherske norsk muntleg og skriftleg.

Søkjarar til open omsorg må ha førarkort kl. B (fortrinnsvis manuell gir).

Politiattest må leggast fram ved tilsetting.

Løn etter tariff. Sjukepleiar og vernepleiarstudentar vert løna utifrå kor langt ein er kome i studiet.

 

 

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Storgata, 6993 Høyanger
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
386381883
Sist endret
30. des. 2024 01:52