Er du ein engasjert helsefagarbeidar? 

Arbeidsgiver
Kirurgisk og medisinsk post Odda sjukehus
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
19.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein engasjert helsefagarbeidar på jakt etter nye utfordringar? Då kan vi tilby deg noko heilt spesielt!

Om avdelinga vår
Kirurgisk og medisinsk sengepost er ein spennande avdeling med 9 sengeplassar, i tillegg til to ØHD-senger for Ullensvang kommune. Her jobbar dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, sekretærar og fysioterapeutar som saman skapar eit sterkt fagmiljø.

Vi tar imot pasientar med varierte problemstillingar og diagnosar som lunge- og hjartesjukdommar, infeksjonar, og ulike kirurgiske tilstandar. Hos oss blir du del av eit team som tilbyr daglege faglege utfordringar, noko som gir deg ei brei og verdifull erfaring.

Blir du freista?
Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med vår funksjonsleiar!

Velkommen til Odda – natur og kultur hand i hand!
Odda er ein kulturby omgjeven av spektakulær natur, med aktivitetar året rundt. Her kan du gå tur i fjella, oppleve Trolltunga, klatre i Via Ferrata, eller nyte vinterens skiløyper og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet byr på noko for alle, med til dømes litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og ei blueshelg.

Vi gler oss til å ønskje deg velkommen til Odda!


Arbeidsoppgåver

  •  Identifisere og rapportere helseutfordringar, eller omsorgsbehov
  • Gjennomføre naudsynlege tiltak saman med sjukepleiar og legar
  • Sikre at pasientane får omsorg, pleie, informasjon og opplæring
  • Dokumentere og vidareformidle viktig informasjon
  • Følgje opp lærlingar
  • Bidra til kompetanse- og fagutvikling i avdelinga
  • Delta på obligatoriske kurs og oppdateringar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andremorsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, måminimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggastsøknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvikakravet om bestått norsktest på B2-nivå
  • Fortrinnsvis helsefagarbeidar, eller hjelpepleiar med vidareutdanning

Personlege eigenskapar vert vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du er:

  • pasientorientert
  • tilpasningsdyktig, sjølvstendig og fleksibel
  • god på kommunikasjon og har respekt for pasienten

Vi tilbyr

Desse fordelane får du ved å jobbe hos oss:

  • eit utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit spanande og aktivt fagmiljø
  • eit godt innarbeida opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
  • hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • eit trivelig arbeidsmiljø
  • vidareutdanning

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, +47 40518183

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10

5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4884565383

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
386868692
Sist endret
31. des. 2024 07:24