Ferievikar i Helse og velferd, Måløy 

Arbeidsgiver
Kinn kommune
Stillingstittel
Ferievikar Helse og velferd i Måløy
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

   

Arbeidsoppgåver

Fast tilsette i Helse og velferd avviklar hovudferie i perioden 23.06.2025 - 21.08.2025, og då ynskjer vi deg som ferievikarar i tenesta vår. Viktig å merke seg at dei som kan arbeide heile eller størsteparten av perioden vil bli prioritert. Du må oppgje kva tidsrom du kan jobbe frå dato – til dato. Fint om du vil prioritere kva teneste du ynskjer å jobbe i (t.d. 1 Kulatoppen, 2 Legekontor,3 Heimetenesta, 4 Miljøtenesta, 5 Måløy sentralkjøkken). Dersom du søkjer fleire stadar og/eller har høve til å arbeide før eller etter den fastsette perioden må du opplyse om dette i søknaden. Er det periodar i ferien du ikkje kan arbeide i, må du opplyse om dette i søknaden. Dersom du ynskjer å fortsette som vikar etter sommaren er det mulighet for det.

Kvalifikasjonar

-       autoriserte sjukepleiarar/studentar
-       autoriserte vernepleiarar/studentar
-       autoriserte hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar/elevar
-       andre med interesse for arbeidsfelta
-       legesekretær

-       kokkefagleg utdanning

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er strukturert, likar å ha ansvar og tek  ansvar. Du likar å jobbe i team, er fleksibel, kreativ og løysingsorientert. Du bør vere fylt 18 år (17 år på institusjon) og beherske norsk skriftleg og muntleg. Det er ein fordel om søkjarar til heimetenesta har førarkort, men ikkje naudsynt for jobb i alle soner. Ved tilsetting blir det kravd politiattest

 

Vi tilbyr

-Muligheit til å bli kjent med spennande framtidige yrker

-God opplæring for nytilsette og opplæring i avdeling samt relevant fagmateriell

-Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø

-Tariffløn og særskild avløning dersom du er under utdanning til relevant høgskule/ universitetsutdanning.

Kontaktinformasjon

Christel Midtgaard Angelshaug, Dagleg leiar Måløy legekontor, 99044655, christel.midtgaard.angelshaug@kinn.kommune.no

Rakel Garnes, Tenesteleiar Måløy miljøteneste, 41922879, rakel.garnes@kinn.kommune.no

Tone Husevåg, Tenesteleiar Kulatoppen, 99473470, tone.husevag@kinn.kommune.no

Anita Brandal Solberg, Tenesteleiar Måløy heimeteneste, 91815678, anita.solberg@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Gate 1 64

6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune


Referansenr.: 4901229391

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Gate 1 64, 6700 Måløy
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
387745453
Sist endret
06. jan. 2025 09:33