Ferievikar heildøgnsbustad Habilitering Sveio kommune

Arbeidsgiver
Sveio kommune
Stillingstittel
Ferievikar Habilitering Sveio kommune
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Om stillinga

Eining Habilitering, butiltak for utviklingshemma treng dyktige og engasjert ferievikarar sommaren 2025. Me har to butiltak, Stemhaugen bueining og Åsvegen bueining, som ligg i gangavstand til alle fasisliteter i Sveio sentrum. Her nyttar me turnus med langvakter inntil 14 timar på dag kveld og 10 timar på natt. Ved Straumøy gard nyttar med i all hovedsak medlevarturnus, men også vakter på 12,5 time, samt nattevakter på 8 timar. Skriv i søknad kva turnus og arbeidsplass som passar best for deg

Fyller du 18 år innan 1.juni 2025, og har lyst på ein ansvarsfull og lærerik sommarjobb, vil du få ein god erfaring som du kan ha god nytte av i seinare arbeidsforhald. Me ynskjer fortrinnsvis deg med helsefagleg bakgrunn, eller som er under utdanning innan helse.

Ferieavvikling skjer i perioden 16. juni til 10. august. Me tilstrebar å få gitt deg opplæring i forkant av denne perioden om mogleg. Ta med si søknaden kva periode du kan arbeide. Det er viktig for oss at du kan jobbe samanhengade i store deler av denne perioden. Minimum 4-6 veker. Me ynskjer å tilby deg høgast mogleg stillingsprosent, 80-100%, ved nattarbeid 70-80%.

Det er ein fordel med førarkort for bil klasse B.


Arbeidsoppgåver

Bebuerane ved avdelingane bur i leilegheiter der me tilbyr gode miljøtenester. Du fylgjer bebuar gjennom dagen, og er med på å leggje til rette for gjennomføring av daglege aktivitetar ut frå behov. Brukar har blandt anna behov for hjelp til matlaging, personleg hygiene, aktivisering og reinhald av eigen bustad. 

Du vil få tildelt arbeidsoppgåver i samsvar med din kompetanse og erfaring. Du må kunne ta imot rettleiing, samt like å ta til deg ny og spanande kunnskap. Ved Straumøy gard deltek ein også i noko arbeid på garden. 


Kvalifikasjonar
  • Helse- og sosilafagleg utdanning
  • Student/elev innan helsefag, men også andre søkjerar kan verta vurdert
  • Personleg eigenskap vil verta vektlagt
  • Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, leser og skriv så godt at du kan både samarbeide med andre og utfører arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig. 
  • Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som ansettes

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Lojal, punktleg, pliktoppfyllande og ser oppgåver som skal gjerast
  • Fokus på kvalitet i miljøarbeidet
  • Du er lærande og veiledbar

Vi tilbyr
  • Sommarjobb med inntil 100% stilling i aktuell arbeidsperiode
  • Naudsynt opplæring/kurs i aktuelt lovverk
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar 

Ta kontakt med oss, om du treng meir utfyllande informasjon.

Søknadsfristen er satt til 31.03.2025, men tilsetjing vil skje fortløpande


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
387760952
Sist endret
06. jan. 2025 11:29