Sjukepleiar på natt

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Halsnøytunet og Husnestunet er to av tre institusjonar i Kvinnherad kommune. Begge tuna har ei felles natteneste og dekker og oppdrag i heimetenesta. Vi har eit pulserande miljø, og mange faglege utfordringar knytta til områder innanfor eldreomsorga. Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg, somatiske sjukdommar og pasientar innlagt i kommunalt ØH(øyeblikkelig hjelp)-døgntilbod.  

Vi søkjer no, i første omgang etter sjukepleiar i 100% fast stilling, men vi treng heile tida sjukepleiarar, og eventuelt stillingsbrøk kan diskuterast. 

Tilsetjing vil bli føretatt fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientane på avdelingane
  • Heilhetlig omsorg og pleie
  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
  • Dokumentasjon av tenester
  • Legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleier
  • Politiattest ikkje eldre enn 3 månader  

Eigenskapar

  • Fleksibel og løysningorientert
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
  • Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Privat
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
387782765
Sist endret
06. jan. 2025 02:05