Miljøveileder
- Arbeidsgiver
- Stryn Kommune
- Stillingstittel
- Miljøveileder
- Frist
- 21.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kommunestyre vedtok i desember 2024 å auke vårt miljøveilederteam og vi gler oss til å få inn gode søknadar !
Stryn kommune har ein desentralisert skulestruktur, med om lag 930 elevar. Tre av skulane er organisert som oppvekstsenter, ein 1 – 10 skule, to 1 – 7 skular og ein ungdomsskule med 8. – 10. trinn.
Stryn kommunen har tidlegare etablert eit miljøveilederteam med 2 miljøveiledarstillingar som jobbar på tvers i Stryn kommune. Dette teamet blir no utvida og vi søker etter ny miljøveileder i 89% stilling for å fylle teamet. Er du den nye kvardagshelten vi treng til teamet ?
Teamet er organisert under oppvekst etaten og rapporterer i dag til kommunalsjef oppvekst. Desse stillingane skal vere ressurs for alle elevane / skulane i kommunen men vil i hovedsak plasserast ved dei 3 største skulane i kommune.
Teamet skal samarbeide tett med og rettleie pedagogar, assistentar og leiing ved skulane våre.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane i Stryn kommune
- Bidra til meistringsopplevingar og positiv utvikling for barn og unge i Stryn kommune
- Tidleg innsats – vere eit første linje tiltak
- Følgje opp enkeltelevar i skule og SFO
- Organisere og koordinere elevaktivitetar samt delta i fysisk aktivitet
- Jobbe på systemnivå med fokus på førebygging
- Samarbeide tett med og rettleie andre tilsette/leiinga og foreldre
- Samarbeid med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning som t.d. barnevernspedagog, vernepleier, sosionom eller anna relevant høgare utdanning på bachelor-nivå.
- Ønskjeleg med erfaring frå skule/SFO eller anna arbeid med barn og unge
- Fordel med erfaring frå arbeid med born og unge. ( innanfor spesialundervisning eller barn med spesielle behov )
Personlege eigenskapar
- Evne til å bygge gode relasjonar med elevar, tilsette og foreldre
- Vere ein tydeleg, forutsigbar og trygg vaksen
- Evne til å ta ansvar, jobbe sjølvstendig og i team
- Evne til å kunne sjå hemmande (risikofaktorar) og fremmande faktorar i klassemiljø/elevmiljø og jobbe aktivt for ei positiv utvikling
- Må kunne vere mobil og ha høg grad av fleksibilitet
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Må ha sertifikat og disponere eigen bil
Vi tilbyr
Løn etter tariff
Gode pensjonsvilkår
Krevande arbeid i positivt miljø
Tilsetting etter lover og avtaler
Den som tilsettast må levere politiattest av ny dato og ein må pårekne å oppgje referansar
Kontaktinformasjon
Ingvild Sætren, Miljøveileder, 97185960Eva Sefland, Kommunalsjef oppvekst , 91129033
Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4901300926
Stillingsprosent: 89%
Fast
Søknadsfrist: 21.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tonningsgata 4, 6783 Stryn
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Annet
- FINN-kode
- 387799347
- Sist endret
- 06. jan. 2025 01:45