Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg

Arbeidsgiver
HELSE OG OMSORG, Stad kommune
Stillingstittel
Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg
Frist
30.06.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar.

Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Årsaker til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt.

Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg å jobbe med.
Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover per veke. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for. 

Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på (fritidskontakt eller tilkallingsvikar) og kvar du helst vil jobbe, eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.

Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld kun tilkalling og korte vikariat.


Arbeidsoppgåver

  • Vikararbeid i Heimeteneste inkludert Fossevegen bufellesskap, Bu- og miljøtenesta, Hogatunet, Seljetunet og eining for Helse.
  • Fritidskontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Dette inneber å vere saman med den enkelte på ulike fritidsaktivitetar som t.d å gå på kino, kafé, trene, reise på turar saman mm.

Kvalifikasjonar

  • Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i helse og omsorg
  • Som fritidskontakt må du sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre
  • Dersom du er aktuell vil du bli kontakta
  • Du er gjerne i eit relevant studieløp
  • Alle som arbeider i helse og omsorg må levere gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
  • Løn etter tariff. Du skriv timeliste.

Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!

Det er fint om du sjølv trekk søknaden din i webcruiter når du ikkje lenger er
aktuell for vikararbeid.

Kontaktinformasjon

Linda Gotteberg, Einingsleiar helse, 416 94 203, linda.gotteberg@stad.kommune.no

Grete Aud Totland, Einingsleiar Interkommunale helsetenester, 958 19 005, grete.aud.totland@stad.kommune.no

Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 454 78 472, annette.hovden@stad.kommune.no

Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Institusjon, 480 45 210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 977 23 146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Arbeidsstad



6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4903224930

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 30.06.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
6740 Selje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
387892382
Sist endret
07. jan. 2025 11:20