Tilkallingsvikarar - miljøterapeutar/sjukepleiarar til arbeid i barnebustad (medlevarturnus)

Arbeidsgiver
Pleie- og omsorg, Valle kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar - miljøterapeutar/sjukepleiarar
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi søker miljøterapeuter/sjukepleiarar som tilkallingsvikarar til spennande jobb i barnebustad (medlevarturnus)


Arbeidsoppgåver


  • Gje omsorg og støtte til ungdom med alvorlege vanskar i samsvar med individuelle omsorgsplanar og miljøterapeutiske tiltaksplanar
  • Delta aktivt i planlegging og gjennomføring av kvardagslege aktivitetar og støtte ungdomen i å utvikle sunne kvardagsferdigheiter
  • Gje ungdomen relevant opplæring slik at hen meistrar daglegdagse gjeremål
  • Samarbeide
    tett med foreldre og pårørande
  • Utføre observasjonar og dokumentasjon av ungdomen si fysiske og psykiske helse og rapportere til relevant personale
  • Samarbeide tett med tverrfaglege team og eksterne fagpersonar for å sikre heilskapleg behandling og omsorg for ungdomen
  • Bidra til å skape eit trygt og støttande miljø for ungdomen, med fokus på trivsel, meistring og utvikling
  • Vere ein aktiv deltakar i fagleg utvikling og kompetanseheving innanfor området ungdom med alvorlege vanskar og miljøterapi

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innanfor helse- og sosialfag, eksempelvis: vernepleiar, sjukepleiar, sosionom eller barnevernspedagog. Anna relevant utdanning kan vurderast ved relevant erfaring
  • Erfaring med arbeid med barn og unge, spesielt innanfor ungdom med vanskar
  • God kunnskap om ungdom med vanskar og behandling, samt evne til å tilpasse omsorgen til individuelle behov
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta, med god kommunikasjonsevne og evne til å etablere tillitsfulle relasjonar.
  • Fleksibilitet til å jobbe skift, medlevarturnus og eventuelt ekstraarbeid.

    Personlige eigenskapar

    • Robust
    • Fleksibel
    • Positiv og godt humør
    • Evne til å sjå løysingar i komplekse situasjonar
    • Utsråle omsorg og varme
    • Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt

    Vi tilbyr

    • Ein spennande moglegheit til å jobbe med ei sårbar gruppe barn og unge i ein meningsfull og utfordrende samanheng
    • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving innanfor områda miljøterapi, barnevern og helse
    • Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og moglegheit for personleg og profesjonell vekst
    • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

     

    Viktig for søknaden din:

    • CV skal skrivast i Webcruiter-malen
    • Attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
    • Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. 
    • Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
    • Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
       
      Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

    Kontaktinformasjon

    Solveig B Kyrvestad, Leiar, 91247155, solveig.b.kyrvestad@valle.kommune.no

    Arbeidsstad



    4747 Valle

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Valle kommune


    Referansenr.: 4903265024

    Stillingsprosent: 100%

    Vikar

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    4747 Valle
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
    FINN-kode
    387896578
    Sist endret
    07. jan. 2025 12:28