Ferievikar som trivselsmedarbeidar for deg mellom 15-17 år
- Arbeidsgiver
- Ørsta kommune
- Stillingstittel
- Ferievikar trivselsmedarbeidar Omsorg og sjukeheim
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Vi søkjer etter deg som er mellom 15 og 17 år som har lyst på ein meiningsfull sommarjobb. I veke 26 - 32 har Tenesteområdet Omsorg og Sjukeheim har behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheimsavdelingane i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord, i tillegg til bufellesskapa ved Vartdal og Hjørundfjord.
Å jobbe som trivselsmedarbeider kan føre til at du kan få meir jobb hjå oss etterkvart.
Skriv litt om deg sjølv, når du kan jobbe og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad og avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Dekke bord og førebu måltida
- Hjelpe til å servere ved måltida - rydde opp etter måltida.
- Bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
- Delta på ulike aktivitetar sama med bebuarar og tilsette slik at vi kan gi ein aktiv og meiningsfylt kvardag
- Andre praktiske oppgåver som til dømes rydding av rom, fylle i skap, skifte på senger og enkle reinhaldsoppgåver
Som trivselsmedarbeidar skal du ikkje delta i oppgåver som stell, toalettbesøk og mating
Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus der det er høve til å arbeide dag/kveld og helg.
Kvalifikasjonar
Til desse stillingane ynskjer vi personar mellom 15-17 år som snakkar flytande norsk. (ein kan søkje same året som ein fyller 15 år)Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
- Ta ansvar
- Møte presis
- Ha gode samarbeidevner og gode haldningar
- Vere god til å kommunisere med andre
- Trivast saman med eldre
- Vere engasjert , ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Ørsta kommune sine verdiar; TILLIT - ENERGI - LØYSINGSVILJE - UTVIKLING.
Vi tilbyr
Som fereivikar hjå oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar. Du får møte mange nye mennesker og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Sirjana Chhetri, Stedfortreder for Avd.leiar Solkroken Ørstaheimen, 47906593, ingrid.mork@orsta.kommune.noMarit Steinnes, Konstituert avdelingsleiar Korrtidsavdelinga Ørstaheimen, 480 70 965, marit.steinnes@orsta.kommune.no
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova Ørstaheimen, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Arja Hietanen, Konstituert avdelingsleiar Bakketun Ørstaheimen, 481 23 801, arja.helena.hietanen@orsta.kommune.no
Nina Måseidvåg, Avdelingsleiar Hjørundfjordheimen, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Sara Vartdal Vinjevoll, Avdelingsleiar Vartdal Helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4899963717
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalevegen 6, 6153 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 387928066
- Sist endret
- 08. jan. 2025 07:20