Off. godkjent helsefagarbeidar - vikariat
- Arbeidsgiver
- Heimetenester sentrum
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar heimebasert omsorg
- Frist
- 31.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ved heimetenester sentrum er det for perioden d.d. - 4.8.2025 ledig 90 % stilling for off. godkjent helsefagarbeidar. Det kan verte mogleg med fast tilsetting.
Vi søkjer deg som vil ha faglege utfordringar og jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar målretta med fokus på individuell pleie og omsorg med høg kvalitet og refleksjon. I heimetenester møter du mange ulike brukarar og får arbeide saman i eit godt team.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere autorisert helsefagarbeidar
- Du må ha førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, løysingsorientert og har godt humør
- At du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- At du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
- Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Kompetanseutvikling gjennom e-læringskurs og internundervising
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar.
Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.noLaila Bjørkedal, Avd.leiar heimetenester aust, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 266156 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4900072737
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Startdato: 13.01.2025
Sluttdato: 04.08.2025
Søknadsfrist: 31.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalevegen 26, 6156 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 388024342
- Sist endret
- 08. jan. 2025 07:19