Fagarbeidar
- Arbeidsgiver
- Ørsta kommune, Bu og Habilitering
- Stillingstittel
- Fagarbeidar, Bu og habilitering
- Frist
- 20.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du på jakt etter nye utfordringar? Vil du vere ein del av dei nye helse- og omsorgstenestene? I Ørsta kommune, tenesteområdet bu og habilitering, er det frå dags dato ledige stillingar som fagarbeidar.
Bu og habilitering er omfatta av desse avdelingane:
- Dalevegen 30-32. Bustadar og avlastning for barn og unge (opp til 18 år) med funksjonsvariasjonar
- Bakk-Ola-marka. Bustadar og utetenester for personar med funksjonsvariasjonar
Tenesteområdet bu og habilitering yter tenester til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar som treng tenester i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og behov, som likar å jobbe med varierte oppgåver i team og sjølvstendig.
Avdelingane i bu og habilitering har døgndrift gjennom heile veka, arbeid på helg skal samsvare med behovet på avdelinga. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du kan få moglegheit til å gå langvakter på helg og i vekene. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning, ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt og god balanse mellom arbeid og fritid. Stillingsprosent kan aukast opp til 100 % i årsturnusperiodene.
Tenesteområdet har hatt ei auke i oppdrag siste åra noko som gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Tenesta har eit stort fokus på fag og den enkelte brukar si utvikling og behov. Vi søkjer etter deg som kan vere med å bidra inn i eit godt fag- og arbeidsmiljø, har godt humør og ståpåvilje.
På dei to avdelingane fordeler stillingane seg slik:
- Dalevegen 30-32: 90%x 1
- Bakk-Ola-marka: 90% x1
Målet er at dei tilsette kan gå vakter på begge avdelingar ved behov, men at ein har ha ei hovudavdeling ein er tilknytt. Kvalifikasjon og personlege eigenskapar er viktige kriterier vi ser etter når vi fordeler tilhøyrigheit.
Arbeidsoppgåver
- Samhandling med andre instansar som inngår i tenestetilbodet
- Bidra til å skape gode, trygge, forutsigbare og meiningsfulle dagar for dei som mottek tenester
- Samhandling med pårørande
- Leggje til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha ei tilbod som fremjer eigen kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
- Motivere til aktivitet, og bidra til opplæring av daglege gjeremål, ADL-ferdigheiter og meistring av eigen kvardag
- Sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg
- Lage gode planar og rutiner kring den enkelte ut i frå føresetnader og behov
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
- Du må ha førarkort klasse B, helst med manuell gir
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du er god på å takle stress og stå i krevjande situasjonar
- Du ynskjer å bida til å gi eit godt tilbod til bebuarane våre
- Kunnskap, interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- At du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- At du kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Det kan verte aktuelt med gruppeintervju til stillingane.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit arbeidsmiljø med fokus på godt fagleg innhald og meistring
- Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.1.2 - fagarbeidarstillingar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Det er 6 mnd. prøvetid, der fråvær går til fråtrekk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsynpå valeg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnalg for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Alice Karina Vervik, Avdelingsleiar Dalevegen 30-32, 47645722, alice.karina.vervik@orsta.kommune.noKathrine Brekke, Avdleiar Bakk-Ola-marka, 90012175, kathrine.brekke@orsta.kommune.no
Guro Bakke Liaskar, Tenesteleiar bu og habilitering, 901 03 223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no
Arbeidsstad
Anders Hovden-gata 276153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4901590676
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 20.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Anders Hovden-gata 27, 6153 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 388024345
- Sist endret
- 08. jan. 2025 07:19